Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, - søknad om støtte for 2018

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har no ute den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom for 2018. Tilskotsåret vert rekna frå 01. mars 2017 til 01. mars 2018.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Målgruppe

Mågruppa for tilskotsordninga er barn og ungdom som kjem i kontakt med problem knytt til fattigdom.  Også desse sine familiar er med i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur-, fritids-, og ferieaktivitetar.

Formål 

Formålet med ordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal vere eit verkemiddel for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Kven kan søkje og korleis?

Offentlege instansar,  private aktørar og frivillege organisasjonar  i Haram kan søke nasjonalt tilskot mot barnefattigdom.  
Meir informasjon om tilskotsordninga og vidare lenke til søknadsskjema finn du på Barne-, ungdoms- og familiedirektoraete (Bufdir) sine nettsider

Søknadsfrist

Frist for innsending av søknad er den 8. desember 2017.


Kommunen skal vurdere og prioritere søknader som kjem inn.
Kontaktperson i Haram kommune er  Laila Grytten, tlf. 70 20 76 67/ laila.grytten@haram.kommune.no

Sist endra 23.11.2017