No kan du søkje på ekstraordinære kulturmidlar

ekstraordinære kulturmidlar.png - Klikk for stort bilete Kommunestyret har i budsjettet for 2019 avsatt kr 1.600.000 til ekstraordinære kulturmidlar. Haram kommune vil legge forholda til rette for å oppretthalde og utvikle kulturelle aktivitetar i kommunen. Gjennom tildeling av midlar skal det skapast eit mangfaldig kulturtilbod i kommunen. Ekstraordinære kulturmidlar skal fremme bulyst og vert gitt til einskild tiltak og prosjekt.

 
No kan lag og organisasjonar heimehøyrande i Haram kommune kan søkje om midlar.  Prosjektet må vere gjennomført og godkjent rekneskap og sluttrapport må sendast inn før 1. desember 2019

Søknadfrist er 15. juni og 15. september.
 
Sist endra 27.06.2019

Kontaktpersonar

Inger Synnøve Remme

Næringsrådgivar
Telefon : 994 24 139
E-post : Send e-post