No kan lag og organisasjonar søkje om midlar til samarbeidsprosjekt om utbetring av kommunale areal

Brattvåg vel i aksjon - Klikk for stort bilete Foto: https://www.facebook.com/brattvaagvel/ Kommunestyret har i budsjettet for 2019 avsatt kr 1.700.000 til samarbeidsprosjekt med frivillige knytt til tiltak på kommunale uteareal. 

No kan lag og organisasjonar som ynskjer å bidra med tiltak på kommunale areal (i hovudsak uteareal) søkje om midlar til samarbeidsprosjekt med kommunen. Laget/organisasjonen må vere registert i Brønnøysundregistrene. Søknadsfrist er 2. juni 2019.

Frivillig eigeninnsats i prosjekt må vere minimum 50%. Storleiken på kvart einskild prosjekt kan variere, men kommunen si del må ligge mellom 100.000 og 500.000 kroner, ekskl. mva.

Trykk her for å lese retningslinjer for tildeling av midlar (PDF, 535 kB)

 

Send inn søkndad


Trykk her for å sende inn søknad

Sist endra 16.05.2019