Nordøyvegen - Informasjonsmøte om framdrift og mulegheiter for lokalt/regionalt næringsliv

Nordøyvegen informasjonsmøte.png - Klikk for stort bilete

Nordøyvegen kjem. Det er eit kjempestort prosjekt som vil skape mange oppdrag for bedrifter og som kan skape nye arbeidsplassar. 

Dag: Onsdag 01.03.17
Tid:   18:00
Stad: Ingebrigt Davikhuset - Brattvåg

   
I ei tid med ledigheit og behov for nye oppdrag vil Nordøyvegen skape mulegheiter. Mulegheiter for utvikling i regionen! Mange er interesserte i kva som skal skje og korleis framdrifta i prosjektet blir. Informasjonsmøtet er for alle interesserte – ikkje minst for lokalt og regionalt næringsliv. Det vert lagt vekt på prosessen framover, få fram det ein veit og korleis framdrifta blir.

 
Program
►  Velkommen v/ Bjørn Sandnes
Orientering om framdrift og kva som skal skje v/ prosjektleiar Marianne Nærø, Statens Vegvesen
Kva oppdrag vil det vere for lokalt og regionalt næringsliv
- I ein tidleg fase – før anboda går ut
- Anboda – organisering og framdrift
- Erfaringsmessig – kva oppdrag vil kome
Spørsmål

 

Publisert av Haram Næring og Innovasjonsforum. Sist endra 23.02.2017

Kontaktpersonar

Guttorm Ulla

Telefon : 900 65 060
E-post : Send e-post