Ny i nye Ålesund

Bente_glomset.jpg - Klikk for stort bilete

Bente Glomset Vikhagen er tilsett som assisterande prosjektleiar i prosjektorganisasjonen for å bygge nye Ålesund, etter intern utlysing. 

Bente Glomset Vikhagen er rådmann i Skodje kommune og tiltrer i stillinga som assisterande prosjektleiar 1. april. 

- Det er viktig å ha ein person som kan avlaste prosjektleiar og tilføre prosjektorganisasjonen ressursar i det store arbeidet vi har framfor oss, seier prosjektleiar og komande rådmann i nye Ålesund, Astrid Eidsvik.
 

To sluttar

Anne Berit Støyva Emblem sluttar i si stilling som prosjektkoordinator 1. april og går tilbake til Kystverket, der ho har hatt permisjon frå stillinga si. Støyva Emblem blei tilsett i stillinga som prosjektkoordinator for prosjektet med å bygge nye Ålesund i januar 2017 og har koordinert arbeidet fram til prosjektleiar Eidsvik kom på plass 1. januar 2018.
Mads Solberg sluttar i stillinga som prosjektmedarbeidar for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarinvolvering og går til ei stilling som amanuensis ved NTNU. Solberg blei tilsett i prosjektorganisasjonen for nye Ålesund i april 2017.  
Prosjektleiar er i gang med å tilsette to personar i 50 % stilling etter intern utlysning. Desse skal mellom anna dekke arbeidsoppgåvene til prosjektmedarbeideren for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarinvolvering. 
 
For meir informasjon:
Prosjektleiar og rådmann i nye Ålesund Astrid Eidsvik: 917 72 495
Assisterande prosjektleiar i nye Ålesund Bente Glomset Vikhagen: 950 22 8978
 
 
Sist endra 12.03.2018