Open dag på brannstasjonen

Brannvernuka2.png - Klikk for stort bilete Velkomen til open dag på brannstasjonen i Brattvåg. Her kan du sjå korleis brannfolka har det på arbeid. Du kan lære meir om brann og brannvern, delta på konkurransar, sjå brannbilane og mykja anna. 

Dette er lærerikt og spanande for alle :)

► Laurdag 23. september, kl 11:00 til 14:00
► Brattvåg Brannstasjon
     Brauta 6, 6270 Brattvåg

Kart
Brattvåg brannstasjon
 
Open dag på brannstasjonen er ein del av brannvernveka.
Tema er som vanleg brannsikkerheit i heimen, med hovudfokus på viktigheita av at folk gjennomfører brannøvingar også heime i eigen bustad. 

 

Sjå filmen vi laga om brannfolka våre :)

Sist endra 19.09.2017