Ordføraren inviterer til ope møte om idrettshall i Søvika

idrettshall i søvika tilpassa facebook.jpg - Klikk for stort bilete

Tanken om idrettshall i Søvika er ikkje ny, IL Norborg har arbeidd for dette lenge, men arbeidet har stoppa opp. Spørsmål om framdrift har vore tema i kommunestyret og ordføraren vil arrangere eit ope møte på Søvik skule torsdag  24. november kl. 18:00 for å avklare om det er interesse for å kome vidare i denne saka.

I møtet vil det bli orientert om eksisterande planar, kva som skal til for å få tippemidlar, kommunen si evne til å bidra i prosjektet og kva som skal til av lokal medverknad.

Målet med møtet er å sette ned ei arbeidsgruppe som er villege til å arbeide med saka.
 
Sist endra 18.11.2016