Sjå utdelinga av kulturprisane på nettTV

kulturprisane i Haram - uten tekst.png - Klikk for stort bilete Kulturprisane i Haram kommune for 2016 blir delt ut under møte i kommunestyret torsdag 15.12.  Følg utdelinga på KommuneTV.
Møtet startar kl 15:15

  

Kulturprisen i Haram 2016
► Lepsøy bygdeutval

Kulturutvalet i Haram har vedtatt å gje kulturprisen i Haram 2016 til Lepsøy bygdeutval og deira prosjekt Bo ved havet. Dei får prisen for deira engasjement for bulyst, øyar, ve og vel, og opplevingar på Lepsøya. Dette gir heile Haram eit føredøme som er ein kulturpris verdig.

Sjå utdelinga av kulturprisen i Haram 2016 her

 

 
Ungdomens kulturpris 2016
► Ungdom med MOT i Haram

Kulturutvalet i Haram har vedtatt å gi «Ungdom med MOT i Haram»  ungdommens kulturpris 2016. Dei får prisen for sitt arbeid med å skape inkluderande og trygge oppvekstmiljø for ungdom. Ungdom med MOT brukar sitt positive engasjement, sine haldningar og verdiar til å skape eit godt miljø for andre.  Dei arrangerer aktivitetar for ungdom og samarbeider med skulane og ulike aktørar innan idrett og kulturliv for å skape eit lokalsamfunn der vi har mot til å leve og mot til å bry oss.
 

Sjå utdelinga av Ungdommens Kulturpris i Haram 2016 her

 
 
Sist endra 16.12.2016