Søk støtte til å bli kjende!

nye_alesund_kommune_harry_klein_rskog_tonemolnes_crop.jpg - Klikk for stort bilete

Nye Ålesund har fått sitt eige Bli kjent fond. Her kan lag, foreiningar, skuleklassar og andre søke pengar til fellesarrangement eller aktivitetar. 

Nye Ålesund kommune ønskjer å legge til rette for å bringe folk saman på tvers av kommunegrensene og knyte by, tettstadar og bygdelag tettare saman. Prosjektorganisasjonen har fått innspel frå innbyggarar om ulike tiltak for å oppnå dette, og ein av ideane som har kome inn, er eit Bli kjent-fond. Ideen er henta frå nye Molde kommune, som allereie har oppretta eit slikt fond og delt ut midlar til fleire fine samarbeidstiltak og -arrangement.
 
Gjennom Bli kjent-fondet kan frivillige lag og organisasjonar, skuleklassar, velforeiningar eller andre som bur i nye Ålesund-området søke støtte til for eksempel ein klassetur, eit pensjonisttreff, kulturarrangement eller idrettsaktivitetar. Arrangementet må skje i ein eller fleire av nye Ålesund-kommunane.
 
Bli kjent-fondet har pengar for åra 2018 og 2019. Det kan søkast om tilskot på inntil 50.000 kroner per arrangement eller tiltak. 
 
Har du ein idé til eit arrangement som passar innanfor rammene for Bli kjent-fondet? 
 
Send inn ein søknad! På denne måten kan nettopp DU vere med på føre innbyggarar i nye Ålesund saman og skape ein felles identitet til den nye flotte kommunen vår! 
 
 
Søknadsskjema finn du på under Om nye Ålesund kommune > Bli kjent. Du kan også gå direkte inn på dette skjemaet. 
 
Søknadsfristen for første utlysing er 1. desember. 
 
Sist endra 08.11.2018