Tek båten til beste jobben

FB-post - pendlaren_sjekkinn2017_1200x628pxl.png - Klikk for stort bilete

Veka startar med at kvar måndag morgon køyrer Sol Slinning frå Ålesund til Brattvåg, tek bilen over med ferja til Harøya og køyrer til rådhuset. Der ventar jobben på rådhuset i Sandøy kommune.

 
-Eg hadde nok ikkje sett for meg dette, ler ho og fortel at før ho vart tilsett i Sandøy kommune hadde ho berre vore på besøk på Ona ein gong og at ho måtte ha grundig forklaring på kor hun skulle møte til jobbintervju.
Sivilingeniøren vart permittert frå jobben i oljebransjen i Bergen, var innom eit vikariat i ei anna bedrift, men fekk så fast stilling som avdelingsingeniør i Sandøy kommune.
 
-Og det er både meir spanande enn eg trudde og gir fleire moglegheiter enn eg trudde.

Heilheitsbilde

Slinning fortel om ein kvardag der ho får vere med på mykje forskjellig. Den eine telefonen kan gjelde om Kystverket får ha liggande eit skip ved ei kai i kommunen. Den neste kan vere eit spørsmål om kven som eig eit område der nokon har funne drømmejuletreet. Men så kan det og gjelde utvikling av vindenergi – som er det egentlige fagfeltet til Slinning.
 
-Jobben i Sandøy gjer meg eit fantastisk heilhetsbilde. Eg har lært utruleg mykje sidan eg kom hit. Eg får gjere mykje forskjellig og det er kort veg frå min jobb til beslutningstakarane.
Alle fordelane ved jobben gjer at det er verdt pendlinga mellom Ålesund og Sandøy, og sjølv om det blir lange dagar er ikkje alle dagar verken like eller like lange. Måndag morgon tek ho bilen og ferja. Måndag ettermiddag tek ho hurtigbåten tilbake til Ålesund sentrum og hurtigbåtkaia som ligg berre eit steinkast frå leiligheita der ho bur. Tirsdag, onsdag og torsdag morgon pendlar ho med hurtigbåten før ho tek bilen og ferja tilbake torsdag ettermiddag. Fredag er det heimekontor eller møte.
 
På hurtigbåten til og frå blir det lesing eller strikking – eller jobbing. Ekstra arbeidstimar på pendlerreisa kan avspaserast og nytast i form av fridagar.
-Pendlinga fungerer veldig bra sjølv om det er langt. Eg brukar å seie at eg likar jobben min veldig godt, men at eg skulle ønske den var litt nærare Ålesund.
 

Sjekk inn 2017

Sol Slinning er med si pendling ein bit av det store pendlepuslespelet som foregår i Region Ålesund kvar einaste dag med 18.000 pendlerreiser mellom dei sju kommunane som utgjer samarbeidet Region Ålesund og som står bak «Sjekk inn 2017». Jobbmessa vart arrangert for første gong i fjor. Resultatet blei svært positivt med godt oppmøte, det blei knytta kontakter, bygd nettverk – og for nokon har dette endt med at dei fekk jobb. I år blir også Sol Slinning med. Som representant for Sandøy kommune.
 
Vi ynskjer å fortelje om moglegheiter som finst i kommunen vår og i regionen. Region Ålesund er ein samansmelta bu- og arbeidsmarknad som vi håper endå flere vil få opp augene for.
 «Sjekk inn 2017» blir arrangert 28. desember i kantina på Norsk Maritimt Kompetansesenter. Rundt tretti bedrifter frå ei rekkje ulike bransjar og næringar er påmeldt, i tillegg til aktørar frå kultur og fritid. Det blir og omvisning på NTNU Maritimt Senter, ÅKP Blue Innovation Arena og Offshore Simulator Centre. 
 
Sjekk inn er eit samarbeid mellom Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Sunnmørsposten, ÅKP, NTNU i Ålesund, Studentparlamentet, Næringslivsutvalget for studenter ved NTNU i Ålesund, Ålesund Sentrumsforening, Haram nærings- og innovasjonsforum, Sykkylven Næringsutvikling AS, Næringsforeningen Ålesundregionen, Sula industri- og næringsforening, Giske næringslag, Skodje næringsforening, Bypatrioten Ålesund og kommunene i Region Ålesund.
Sist endra 21.12.2017