Tenester som blir berørt av overgangen til ny kommune

Ørskog_Sjøholt-Foto PederOttoDybvik.jpg - Klikk for stort bilete Peder Otto Dybvik

Det vil vere ei rekke tenester som blir berørt av overgangen til nye kommunar. Her kjem informasjon om stenging av eigedomsregisteret og grunnboka, og nye gårdsnummer.

Eigedomsregister stenger

13. desember klokka 18.00 vil matrikkelen (Norges offisielle eigedomsregister) bli stengt. Den vil vere stengt i ni virkedagar. Det vil ikkje bli foretatt oppdateringar i matrikkelen frå 13. desember til 1. januar 2020.

Grunnboka stenger

27. desember blir grunnboka (register over rettigheiter i eigedom) stengt for all oppdatering. Grunnboka vil bli stengt til 1. januar 2020. Det betyr at dokument som skal tinglysast før årsskiftet bør sendast til tinglysing før 29. november.

Kartverket informerer

 

Tilgjengelege tenester

Kartverkets innsynstenester, for eksempel Seeiendom.no og e-handel, er tilgjengeleg gjennom heile perioden der registera er stengte. Tenestene viser data frå frysetidspunktet og blir ikkje oppdaterte før etter årsskiftet.

Kva vil det seie for innbyggarane?

At matrikkel og grunnbok blir stengt/fryst, vil ikkje ha særleg innvirkning. Det vil imidlertid ikkje bli tildelt offisielle vegadresser i perioden matrikkelen er stengt.

 

Meglerpakken

Alle bestillingar gjort før 19. desember blir ferdigstilt 20. desember. Matrikkelrapportar i meglerpakkane vil vise informasjon ved stengetidspunktet 13. desember. Bestillingar gjort etter 20. desember vil bli behandla etter 2. januar 2020. Ein må rekne med noko lengre behandlingstid på meglerpakkar i perioden 20. desember 2019 til 20. januar 2020.

Kommune- og gardsnummer

Ålesund kommune vil få nytt kommunenummer: 1507.
 
Ørskog, Haram, Sandøy og Skodje vil få nye gardsnummer, gamle Ålesund kommune beheld dagens gards- og bruksnummer.
 
 
Før omnummerering Etter omnummerering
Kommunenummer Gardsnummer Kommunenummer Gardsnummer
Ålesund 1504 1-201 Ålesund 1507 1-201
Haram 1534 3-181 Ålesund 1507 303-481
Skodje 1529 2-69 Ålesund 1507 502-569
Sandøy 1546 3-15 Ålesund 1507 803-815
             1546 2207 Ålesund 1507  816-816
             1546 1-2 Aukra 1547 (Orta, Lyngvær, Flatflesa)
 
Sist endra 08.11.2019