Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

Vaksine.jpg - Klikk for stort bilete

 

Kva er smittsam hjernehinnebetennelse (meningokokksjukdom)? 

Sjukdomen skuldast meningokokkbakteriar, der dei vanlegaste sjukdomsframkallande bakteriane vert kalla A,C,W,Y og B. Friske personar kan ha meningokokkar i halsen utan å bli sjuke, men kan smitte andre. Hjå enkelte som vert smitta, kan bakteriane gi hjernehinnebetennelse, og andre gongar kan bakteriane gi blodforgiftning og skade viktige organ. Sjukdomen utviklar seg ofte raskt, og rundt 10 % av dei som får sjukdomen døyr. 

Kvifor er ungdom spesielt utsette? 

Friske ungdomar har oftare meningokokkar i halsen enn andre. Ei forklaring kan være at dei deltek i aktivitetar som aukar risikoen for smitte og for å bli alvorleg sjuke. Slike aktivitetar inkluderer tett samvær med andre ungdomar over fleire dagar, festing, høgt alkoholforbruk, deling av flasker og sigarettar, aktiv eller passiv røyking og lite søvn. I Noreg gjeld dette spesielt russefeiring, men kan også være aktuelt ved festivalar, idrettssamlingar, ungdomsleir o.l.  

Korleis kan ein beskytte seg?

Risikoen for å utvikle meningokokksjukdom er lågare dersom du ikkje delar flasker og glas med andre, får nok søvn, har eit lågt alkoholforbruk og unngår røyking. Ettersom sjukdomen utviklar seg raskt, er det svært viktig å kome tidleg til sjukehus. Fyllesjuke, utmatting og meningokokksjukdom kan likne på kvarandre. Pass på kvarandre og ta kontakt med helsepersonell dersom du trur nokon av venane dine kan være sjuke, særleg dersom dei har nedsett bevisstheit.  
 
Det er også mogleg å vaksinere seg. Folkehelseinstituttet anbefalar at ungdom i alderen 16–19 år vurderar å vaksinere seg mot meningokokksjukdom. Anbefalinga gjeld også yngre og eldre ungdom som deltek i aktivitet som aukar risikoen for smitte og alvorleg sjukdom.  
 
Det finst to ulike typar vaksiner. Kombinasjonsvaksine mot meningokokk gruppe A, C, W og Y (Nimenrix) beskytter mot alle desse fire gruppene av meningokokkbakteriar. Kombinasjonsvaksina har vore tilgjengeleg i fleire år og desse meningokokk-typane har stått for dei fleste tilfella av meningokokksjudom i denne aldersgruppa dei seinare åra.  
Vaksine mot meningokokk gruppe B (Bexsero) er også tilgjengeleg. Det har ikke vore tilfelle forårsaka av meningokokk B hos 16-19 åringar dei siste åra. 
 

Når bør eventuell vaksine takast? 

Vaksinasjon mot meningokokk A, C, W og Y (Nimenrix) består av ei dose. Vaksinasjon mot meningokokk B (Bexsero) består av to doser med minst 8 vekers mellomrom. Etter gjennomført vaksinasjon tek det omtrent to veker før vaksina gir beskytting. Beskyttinga varer i ca 5 år, slik at gjennomført vaksinasjon tidleg i vidaregående skule vil gi beskytting i russetida og ved reiser seinare i ungdomstida. Som ved annan vaksinasjon kan desse gi bivirkning hos nokon. Dei vanlegaste bivirkningane er raudheit og ømheit på stikkstaden, og uvelfølelse med hovudverk eller kvalme. 

Kva kostar vaksinene? 

Kommunestyret i Haram har vedteke, at avgangselevar frå Haram, ved Haram vidaregåande skule og andre skular, skal få gratis meningokokkvaksine skuleåret 2018-2019.  Elevar som ikkje har bustadadresse i Haram, må betale for tilbodet. 
 
Nimenrix (A,C,W og Y) kr.390,- 
 
Bexsero (B), to doser, pris tilsaman kr.1700,-
 

Praktisk informasjon

Om ein skal ha begge vaksinene, vil ein få to doser (ei av kvar samtidig) ca.medio januar-2019, og siste dose av Bexsero minimum 8 veker etterpå. Om ein berre ynskjer å ta ei vaksine, Nimenrix, får ein denne ca.medio januar-2019.
 
Nærmare datoar for vaksinering, og kvar dette vil gjennomførast, vil annonserast på kommuna sine nettsider, og facebooksida til Helsestasjon for Ungdom, når ein har fått oversikt over kor mange dette vil gjelde. 
Frist for påmelding (denne er bindande), vil vere 13.desember 2018. Bestilling av vaksiner vil skje raskt etterpå, så det er viktig å melde seg på om ein er ynskjer å nytte seg av tilbodet! 
 
Påmelding kan gjerast ved å henvende seg til Servicetorget, Haram kommune, tlf: 70 20 75 00. Dei treng då å få opplysning om namn, adresse, skule, tlf.nr og fødsels-og personnummer.
Ved eventuelle spørsmål, ta kontakt med Monica Brungot Sandvik, fagansvarleg helsesøster for skulehelsetenesa, på tlf. 95 09 87 48.
 
 

 

Sist endra 04.12.2018