Varsel om oppstart av detaljplan for gangveg m.m. frå busslomme ved Tennfjord skule til Vadset-krysset

I samsvar med Plan- og bygningslova vert det med dette varsla om oppstart av reguleringsarbeid. 

Planområdet ligg langs fylkesveg 106 i Tennfjord. På kartutsnittet er vist strekninga som Haram kommune
ynskjer regulert.
Føremålet med reguleringa er etablere plangrunnlag for å kunne bygge fortau/gangveg langs fylkesveg 106
Tennfjordvegen på strekninga frå busslomma ved Tennfjord skule til Vadsetkrysset, samt passeringslomme ved
Vadsetkrysset.

1 Områdekart - tennfjrd.png - Klikk for stort bilete Kommunen har i saksutgreiinga til sak 049/16 i Fast utval for plansaker vurdert at planen ikkje utløyser krav om planprogram eller konsekvensutgreiing.

Oppdraget blir utført av Ha-Plan AS på vegne av Haram kommune, Eigedom og teknisk drift.
 
Opplysningar og innspel som kan vere til hjelp i
planarbeidet kan rettast til Ha-Plan AS, Strandgata 44A,
6270 Brattvåg innan 20. Januar 2017.
 
Sist endra 04.01.2017