Varsel om oppstart av områderegulering for skule og idrettsanlegg mv. på Vatneeidet og offentleg ettersyn av planprogram

Fast utval for plansaker godkjende den 21.03.2017 i UPL sak-019/17 med heimel i plan og bygningslova §§ 12-8 og 12-9 at framlagt forslag for planprogram for Områdeplan for skule og idrettsanlegg mv. ved Vatneeidet på Vatneeidet kunne leggast ut på offentleg ettersyn samstundes med varsel om oppstart av planen. 

Områderegulering for skule og idrettsanlegg mv. på Vatneeidet.jpg - Klikk for stort bilete

Formålet med reguleringa er å legge til rette for ein ny felles skule for Vatne og Tennfjord på Vatneeidet. Det aktuelle arealet for utbygging ligg aust for Vatne ungdomsskule.

Frist for merknader er 23. mai 2017
 
Merknader kan sendast til postmottak@haram.kommune.no eller

Haram kommune 
Eining for byggesak, landbruk og arealforvaltning
Storgata 19
6270 Brattvåg
 
 
Sist endra 04.04.2017