Velkomen til informasjonsmøte om Friskus

Torsdag den 1. november inviterer Haram frivilligsentral til informasjonsmøte om og opplæring i bruk av den digitale arrangementskalenderen Friskus.

Om Friskus

Friskus er ein digital oppdrags- og arrangementskalender kor innbyggjarane får ei oversikt over aktivitetar i lokalmiljøet, samt frivillige oppdrag som den enkelte kan melde seg på. Det er ein felles plattform som gjer det enkelt for innbyggjarar å finne ting ein kan delta på og bidra med i kommunen.

Friskus gjer det enklare å koordinere, rekruttere og følge opp deltakarar og frivillige.
 
For organisasjonar med aktivitet i Haram er løysinga gratis.
 
På møtet vert det gitt opplæring i bruk av Friskus og i korleis lag/organisasjonar kan opprette eiga gruppe i Friskus. Det er lagt til rette for at ein kan ha eige medlemsregister og full aktivitetsoversikt i eiga gruppe, om ein ynskjer det.
 
Meir informasjon om Friskus finn du på www.friskus.com/nb
 

Tid og stad for møtet

  • Torsdag 1. november kl 18.30 - 21.00
  • Ingebrigt Davik-huset, «Kulturstua» i 3. etasje

Påmelding

Du kan melde på ditt lag/din organisasjon ved å fylle ut det digitaleskjemaet som du finn i lenka under

Påmelding til informasjonsmøte om Friskus

Vi håpar at mange frivillige lag og organisasjonar i Haram vil nytte seg av tilbodet.

Hjarteleg velkomne! 

 

Friskus logo.png - Klikk for stort bilete

 
Sist endra 10.10.2018