​Formannskapet - det politiske maktsenteret

Formannskapet i Haram har 7 medlemmer. Desse skal få utført allsidige og store oppgåver i kommunen, og det er forventa at dei tek initiativ i saker der ingen andre er pålagt ansvaret.

Formannskapet sine oppgåver er regulerte i kommunelova sin § 8. Her går det fram at formannskapet handsamar framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. Ut over dette kan kommunestyret tildele formannskapet avgjerdsmynde i alle saker dersom ikkje anna er nedfelt i lov.

I Haram har kommunestyret - med heimel i kommunelova sin §8 nr. 3 - delegert mynde til formannskapet, andre politiske utval og til rådmannen. I delegasjonsreglementet for formannskapet er det nærare presisert kva mynde som er gitt dei i høve til personalsaker, budsjettsaker, særlov og anna.
 
Formannskapet fungerer også som fast planutval i kommunen og har dermed eit sentralt ansvar for organisering og gjennomføring av planarbeidet. Formannskapet i Haram har ansvaret for å samordne den økonomiske, fysiske og miljømessige planlegginga i kommunen.
 
Formannskapet er også gitt utvida mynde i "hastesaker" jf. kommunelova sin § 13.
 
Store oppgåver
Formannskapet si viktigaste oppgåve er å ha det løpande ansvaret for den overordna budsjett- og økonomistyringa på vegne av kommunestyret. Dei skal vere sterkt engasjerte i budsjettprosessen, og det blir forventa at representantane stadig vurderer dei økonomiske resultata og kontrollerer bruken av ressursane i høve til budsjett- og økonomiplan
 
Skal ta initiativ
Der formannskapet har eit særskilt ansvar etter kommunelova, eller etter delegert mynde frå kommunestyret, har dei innstillingsrett og -plikt. Når det gjeld saker som ikkje er lagt til andre faste utval, er det venta at formannskapet tek initiativ.
 
I Haram har kommunestyret delegert arbeidsgjevaransvaret og ansvaret for personalpolitikken til formannskapet. Arbeidsgjevar sine representantar i administrasjonsutvalet blir derfor valde mellom formannskapet sine medlemmer.
Sist endra 06.10.2015
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering