Kommunestyret

I dag sit 11 kvinner og 16 menn frå 7 ulike lister i kommunestyret i Haram. Dei 27 representantane skal saman treffe vedtak på vegne av heile kommunen og vere aktive deltakarar i eit fora der visjonar og mål for den langsiktige utviklinga i kommunen skal utformast.

Her skal det førast debattar om verdival og prioriteringar, og representantane skal både sette i gang - og følgje opp - politiske prosessar. 
 
Som det øvste styrande organet i Haram har kommunestyret det formelle arbeidsgjevaransvaret for alle kommunen sine tilsette. Her ligg også ansvaret for tilsyn med det arbeidet som blir utført i dei andre folkevalde organa i kommunen.
 
Alle vedtak som blir fatta i ulike utval og nemnder, og det arbeidet som blir utført i administrasjonen, skjer på kommunestyret sine vegne, og er kommunestyret sitt ansvar
Sist endra 23.11.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontaktpersonar

Elin Moen

Leiar for forvaltning / politisk sekretær
Telefon : 70 20 75 32
E-post : Send e-post
 
 
Login for redigering