Ordførarrolla

Ide- og initiativskapar, døråpnar og kontaktskapar - det er mange og store utfordringar som ligg i ordførarvervet.

Ordføraren, kommunen sin rettslege representant, er gjerne den politikaren som har den mest aktive og utadretta rolla i forhold til media. Han er vår politiske frontfigur, og symboliserer kommunen utad.

 
Ordføraren skal fungere som bindeledd og formidle synspunkt mellom dei folkevalde og administrasjonen. Det er ordføraren som skal leie møta i kommunestyret, formannskapet og administrasjonsutvalet, samtidig som han har møte- og talerett i alle dei ulike utvala og komitéane i kommunen.
 
Røyste- og forslagsretten er derimot avgrensa til dei utvala der han sjølv er valt som medlem. Kommunestyret kan også gi ordføraren mynde til å treffe vedtak i einskildsaker eller i saker som ikkje er prinsipielle.
Sist endra 23.11.2015
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering