Reglement for arbeidet i Haram kommunestyre

Vedteke av Haram kommunestyre 19.10.99, k.sak 87/99.

1.  KOMMUNESTYRET SITT MYNDE/OPPGÅVER
Haram kommunestyre har 37 valde representanter og er det øverste styringsorgan i Haram kommune. Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak.

 
Haram kommunestyre skal handsame alle saker som etter lov er lagt til kommunestyret. Ut over dette skal alle overordna og prinsipielle saker for kommunen leggast fram for kommunestyret, Saker som kommunestyret har delegert til underliggande organ, ordførar eller administrasjon, vil framgå av vedtekne delegasjonsreglement. Saker det er tvil om, eller som fell utanfor delegasjonsreglementet, skal leggast fram for kommunestyret til avgjerd.
 
Kommunestyret kan kva tid som helst trekke attende gitte delegasjonsfullmakter, gi nærare instruks om korleis det underordna organ skal avgjere saker, eller vedta å sjølv treffe vedtak i ei bestemt sak som ligg innanfor ramma av eit generelt delegasjonsvedtak, med bindande verknad for det underordna organet. Kommunestyret kan også omgjere vedtak i underordna organ i same omfang som det kunne omgjort eige vedtak jf. fvl. § 35.
 
 
2.  INNKALLING, SAKSLISTE, KUNNGJERING.
Kommunestyret held møte i samsvar med vedteken møteplan, når ordføraren finn det påkravd, eller minst 1/3 av medlemmene krev det. Innkalling og saksdokument til møtet skal sendast medlemmene og dei to første varamedlemmene for kvar gruppe med høveleg varsel, og innehalde ei oversikt over saker som skal handsamast.
 
Ordføraren set opp sakliste for det einskilde møtet. Sakslista til møtet og andre dokument som ikkje er unnateke offentlegheit, skal vere tilgjengeleg for allmenta.
 
Møte som vert halde for åpne dører vert å kunngjere på førehand i regelen 6 dagar før møtet (møtedagen ikkje medrekna).
 
 
3. FORFALL- VARAMEDLEMMER 
Forfall til kommunestyremøtet skal meldast til ordføraren snarast råd og forfallsgrunn oppgjevast. Varamedlem vert innkalla så vidt mogleg i den nummerorden dei er vald.
 
 
4. OPNE ELLER STENGDE MØTE- TEIEPLIKT- MØTELEIAR.
Møta vert halde for opne dører dersom ikkje anna følgjer av lovbestemt teieplikt, eller kommunestyret vedtek å handsame saka for lukka dører der omsynet til personvern eller andre tungtvegande private eller offentlege interesser tilseier dette. Debatt om dette går føre seg for lukka dører dersom møteleiar krev det, eller kommunestyret vedtek det. Personalsaker vert allltid handsama for lukka dører.
 
Vert det vedteke å handsame ei sak for stengde dører, pliktar kommunestyret sine medlemmer og dei kommunale tenestemenn som måtte  vere til stades, så langt ikkje anna vert vedteke, å teie om drøftingane og om dei vedtak som vert gjort. Teieplikt varer til dess noko anna vert fastsett eller til grunnane for vedtaket om stengde dører har falle bort. Er det andre til stades når ei slik sak er føre, skal møteleiaren krevje teiingslovnad av dei.
 
Kommunestyremøta vert leia av ordførar eller ved dennes forfall varaordførar. Har begge forfall, vert det valt ein særskild møteleiar ved fleirtalsval.
 
 
5. MØTET  VERT SETT- HØVE TIL Å FORLATE MØTE- MEDLEM/ VARA-MEDLEM SOM KJEM TIL
På  den tid som er fastsett, ropar møteleiaren opp dei som er med i kommunestyret, og dei varamedlemmane som skal vere i staden for dei som ikkje møter. Er minst halvparten av medlemmane til stades, kan møtet settast. Dei som kjem etter oppropet skal melde seg til møtestyraren før dei tek sete. Dersom nokon må forlate møtet, skal dette meldast til møtestyrar før møtet tek til. Når handaming av ei sak er byrja, kan ikkje varameldem tre inn. Varamedlem som deltek i møtet, skal sitje til vedkomande sak er ferdighandsama dersom medlemmet kjem til. Medlem som kjem til i møtet, skal straks ta plass etter å ha meldt frå til møteleiar, dersom varamedlem ikkje er  til stades.
 
 
6. INHABILITET
Den som er inhabil i ei sak etter § 40.3 i kommunelova, eller som vert friteken etter
§ 40.4, skal ikkje vere med på å drøfte eller avgjere saka. Habilitetsspørsmålet skal handsamast før sjølve saka vert handsama. Ved mogleg eller opplagt inhabilitet i ei sak, skal medlemmet i god tid før møtet melde dette til ordføraren slik at varamedlem kan kallast inn for eventuell tiltreden. Den habilitetsspørsmålet gjeld deltek ikkje i handsaminga av habilitetsspørsmålet.
 
 
7. ORDØRAR/MØTELEIAR SI UTGREIING OM SAKA- TALARANE SI REKKEFØLGE.
Ordføraren les som regel opp saksnummer og saksnemning samt innstilling i saka, seier frå om dokument som er kome til, og greier elles ut om saka så langt det er naudsynt. Deretter spør ordføraren om nokon vil ha ordet i saka. Talarene får ordet i den rekkefølgje dei ber om det. Ber to eller fleire om ordet på same tid, fastset ordføraren rekkefølgja mellom dei. Talarane skal rette sine ord til ordføraren og opne sine innlegg med ”ordførar”. Ordføraren skal påsjå at dette vert følgd.
 
Når ordføraren har teikna seg på talarlista og skal halde innlegg, overtek  varaordføraren som ordførar.
 
 
8. REPLIKK
Det er adgang til å be om replikk, som skal markerast med å rekkje to fingrar i veret, og som vert gitt straks etter ein talar sitt innlegg og før neste talar på talarlista held sitt innlegg. Replikken skal vere kort og eit direkte tilsvar på innlegget til talaren, Den som får replikken har høve til å gje eit kort tilsvar. Ordføraren skal påsjå at dette vert overhalde.
 
 
9. AVGRENSA TALETID
Kommunestyret kan vedta at det skal vere avgrensa taletid. Ordføraren har ansvaret for å sjå til at den fastsette tidsavgrensinga vert overhalden.
 
 
10.  AVSLUTNING AV DEBATTEN – STREK
Når ei sak verkar tilstrekkeleg debattert, kan det fremjast forslag om å setje strek. Eit slikt forslag skal det straks røystast over. Resten av talarlista vert avgjort straks etter at strek er vedteke. Ordføraren avgjer korleis, og refererer talarlista før strek vert sett.
 
 
11. MERKNADER TIL FORRETNINGSORDEN
Eit medlem som ønskjer ordet til forretningsorden, skal markere dette med å rekkje opp handa og seie ”til forretningsorden”. Medlemmet skal då ha ordet utanom den oppsette talarliste. Den som får ordet til forretningsorden må vere kort, og ikkje kome inn på realitetane i saka som er til handsaming.
 
 
12.  UTSETJING AV EI SAK- VEDTAK I SAK SOM IKKJE ER OPPFØRT PÅ SAKSLISTA
Kommunestyret kan med alminneleg fleirtal vedta å utsetje realitetshandsaminga av ei sak på den utsende sakslista.
 
Når eit utsetjingsframlegg er fremma, skal det straks takast opp til handsaming, og dei som ønskjer ordet til utsetjingsframlegget skal få det. Når desse ev. har hatt ordet til utsetjingsframlegget, vert dette teke opp til røysting. Vert utsetjingsframlegget ikkje vedteke fortset debatten etter opprinneleg talarliste.
 
Kommunestyret kan gjere vedtak i sak som ikkje er oppført på saklista dersom ikkje møteleiar eller 1/3 av dei møtande medlemmane motset seg dette.
 
 
13.  FRAMLEGG
Framlegg skal leverast skriftleg til ordførar. Alle skriftlege framlegg som ikkje vert trekt, skal røystast over. Vert eit framlegg trekt, kan same framlegg setjast fram av eit anna medlem.
 
 
14.  PRØVERØYSTING
Før endeleg røysting i ei sak, kan kommunestyret vedta at det skal haldast prøverøysting som ikkje er bindande. Er framlegget som det skal røystast over delt i fleire punkt eller postar, bør det røystast førebels over kvar einskild post eller punkt, og deretter til slutt- i tilfelle også her etter prøverøysting- over heile framlegget.
 
 
15. ENDELEG RØYSTING
Når ordførar har teke opp ei sak til endeleg røysting, er det ikkje høve til meir ordskifte om saka eller høve til å framsetje eller trekkje framlegg. Ordføraren skal fremje forslag om korleis røystinga skal gjennomførast.
 
 
16.  RØYSTEPLIKT- VAL OG TILSETTING
Kommunestyret har plikt til å røyste når ei sak vert tatt opp til røysting. Ved val og tilsetjing er det høve til å stemme blankt, og kvar einskild medlem kan krevje skriftleg røysting.
 
Skriftleg røysting skjer ved sedlar utan underskrift. To medlemmer som møteleiaren oppnemner til det, eller administrasjonen, tel opp røystene.
 
Står røystene likt, vert ordføraren (møteleiar) si røyst avgjerande i tilsetjingssaker, og vedkomande er forplikta til å undeskrive sin røystesetel, medan val vert avgjort ved loddtrekning - jf. reglane i kommunelova sin §38.
 
 
17.  RØYSTEMÅTEN
Røystinga skjer elles ved open røysting ved stillteiande godkjenning når ingen seier mot eit framlegg som ordføraren set fram med spørsmål om nokon har noko å seie i mot det. Eller ved at ordføraren ber dei som er mot eit framlegg om å reise seg. Når ordføraren eller eit anna medlem krev det, skal det haldast motprøve, det vil seie at dei som er for eit framlegg, reiser seg. Når ordføraren eller eit anna medlem krev det, kan det også haldast namneopprop med ja eller nei til svar.
 
Vedtak vert gjort med alminneleg fleirtal av dei røystene som vert avgitt. Ved stemmelikheit i andre saker enn val, er møteleiar si røyst avgjerande. 
 
 
18.  INTERPELLASJON
Kvart medlem kan kome med førespurnad til ordføraren i form av interpellasjon. Interpellasjonen må vere ordføraren i hende seinast måndag veka før kommunestyremøtet skal vere (10 dagar).
 
Interpellasjonen skal sendast medlemmane saman med saklista og saksdokumenta.
 
Ordføraren svarar på interpellsjonen etter at sakene på saklista er ferdighandsama, og kommunestyret kan vedta at det skal avsetjast ei nærare fastsett tid til å debattere interpellasjonen.
 
 
19.  GRUNNGJEVNE SPØRSMÅL
Kvart medlem kan også kome med grunngjevne spørsmål til ordføraren. Grunngjevne spørsmål skal vere skriftlege, og gjelde konkrete tilhøve. Grunngjevne spørsmål må vere ordføraren i hende seinast måndag i den veka kommunestyremøtet skal vere (to heile dagar før møtet).
 
Ordføraren svarar til slutt i møtet og den som har kome med grunngjeve spørsmål har rett til å få ordet ein gong etter svar er gitt
 
Ordførar eller 1/3 av medlemmene i kommunestyret kan motsetje seg at det vert gjort vedtak i tilknyting til interpellasjonar eller grunngjevne spørsmål.
 
 
20.  SPØRSMÅL I MØTET
Kvart medlem kan rette spørsmål til ordføraren i byrjinga av møtet, også om saker som ikkje står på saklista. Ordføraren sjølv, eller ein annan etter samråd med ordføraren, kan svare på spørsmålet. Ordføraren kan avgjere at svar på spørsmålet vil bli gitt på neste møte. Det er ikkje høve til debatt eller å kome med framlegg i samband med spørsmål i møtet.
 
 
21.  TEMAMØTE OG HØYRINGAR
Ordføraren kan på vegne av kommunestyret avgjere at det skal avsetjast ei nærare avgrensa tid i byrjinga av eit kommunestyremøte til temamøte og/eller høyring. Eit slikt temamøte eller høyring må vere avslutta før ein tek til på ordinær sakliste.
 
Temamøte:
Drøfting og innspel frå kommunestyret innanfor eit nærare avgrensa tema til komitear, tilsette etc. tidleg i ein saksprosess. Det skal ikkje gjerast vedtak i samband med eit temamøte.
 
Høyring
Innbyggjarar, lag/organisasjonar, næringsliv o.a kan inviterast  til open høyring i kommunestyret slik at kommunestyremedlemmene kan få innspel frå aktuelle grupper i ei bestemt sak.
 
 
22.  RO OG ORDEN I KOMMUNESTYRESALEN
Det må i kommunestyret ikkje seiast noko som er ei krenking mot møtelyden, mot nokon som er med i kommunestyret, eller mot andre. Heller ikkje må nokon lage ståk eller uro til teikn at han/ho likar eller ikkje likar noko. Bryt nokon ordensføresegnene skal ordføraren avbryte talaren med muntleg påtale (mild irettesetjing), eller bruke klubba og påtale (streng irettesetjing). Rettar vedkomande seg ikkje etter reglementet då heller, kan ordføraren ta ordet frå vedkomande, eller la kommunestyret røyste over spørsmålet om vedkomande skal stengjast ute frå resten av møtet. Ordføraren skal elles syte for allmenn ro i salen og på tilhøyrarplass, og kan om naudsynt vise ut tilhøyrarar.
 
 
23.  MØTEBOK
Kommunestyret fører bok over møta sine. I møteboka skal det førast inn opplysningar om – tid og stad for møtet, innkallingsmåte, fråverande medlemmer og møtande varamedlemmer. Går nokon frå, eller kjem nokon til under møtet, skal det gå fram av møteboka samanhalde med medlemsoversikta kven som har delteke i handsaminga av kvar sak.
 
Vidare skal det gå fram av møteboka kva saker som har vore handsama, alle framsette framlegg som det har blitt røysta over og røystingsresultatet i kvar einskild sak. Møteboka skal leggjast fram for godkjenning på førstkomande kommunestyremøte. Etter møtet skal eitt eksemplar av møteboka sendast samtlege medlemmer og varamedlemmer som var til stades i møtet, foruten til dei medlemmene som hadde forfall.
 
 
24.  PROTOKOLLTILFØRSEL
Dersom eit medlem ønskjer protokolltilførsel etter at røysting er gjort i ei sak, skal dette i regelen imøtekomast. Protokolltilførsel skal berre avvisast når det ligg føre særlege omsyn. Oppstår det usemje, kan kommunestyret ved røysting avgjere om protokolltilførselen skal inntakast i protokollen eller ikkje.
 
 
25.  ANKE PÅ VEDTAK GJORT AV KOMMUNESTYRET
Tre eller fleire medlemmer av kommunestyret kan saman anke avgjerd gjort av folkevald organ, eller den kommunale administrasjon, inn for departementet til ”lovlighetskontroll” i samsvar med kommunelova sin § 59.
 
Sist endra 23.11.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontaktpersonar

Elin Moen

Leiar for forvaltning / politisk sekretær
Telefon : 70 20 75 32
E-post : Send e-post
 
 
Login for redigering