Reglement for godtgjersle til folkevalde i Haram kommune

Dette reglementet er vedteke av kommunestyret i møte 03.03.2016, k. sak 13/16.
 
Reglementet vert gjeldande med tilbakeverkande kraft frå 01.10.2015 og første utbetaling etter det nye reglementet vert i april 2016.
 
1. Innleiing
Dette reglementet gjeld berre for folkevalde/politisk valde representantar si godtgjersle for deltaking i møte m.v. og ikkje for administrasjonen si deltaking i slike møte.
 
Kommunestyret reviderer reglementet første halvår i kvar kommunestyreperiode, og reglementet vert gjeldande frå byrjinga av perioden (01.10) og til utgongen av perioden (30.09).
 
 
2. Ordførar
Ordføraren si godtgjersle vert sett til 10,5 x grunnbeløpet i folketrygda (p.t. kr945.714,-) gjeldande frå 01.10.15 for 100% godtgjersle.
 
Godtgjersla til ordførar blir justert den 01.10 kvart år. Dei andre folkevalde si godtgjering blir også justert den 01.10 kvart år.
 
Godtgjersla vert fordelt på 12 like månadlege utbetalingar. Det vert ikkje rekna feriepengar, og det er rekna med fem veker ferie pr. år. 
 
Ordføraren får ikkje møtegodtgjersle.
 
Haram kommune har vedteke at ordføraren skal vere tilslutta den ordinære tenestepensjonsordninga for kommunar med 2% innbetaling (jf. k.sak 21/14.
 
Ordførar har same rettar som tilsette i kommunen kva gjeld dekning av sosiale utgifter, herunder gruppelivsforsikring og full godtgjersle under sjukdom, permisjonar m.v.  
 
Ordførar som var i lønna arbeid da han/ho vart vald til ordførar, og som ikkje har lønna arbeid når ordførarperioden er avslutta vert innvilga ei etterlønn, på lønsvilkår som ordførar, for inntil 3 månadar. Saka vert handsama av rådmannen.
 
 
3. Varaordførar
Varaordføraren si godtgjersle vert fastsett til 10% av ordføraren si godtgjersle (pr. 01.10.15 kr 94.571,-). Godtgjersla vert utbetalt med 1/12 per månad. Ordinær møtegodtgjersle kjem i tillegg. Den faste godtgjersla inkluderer at varaordførar assisterer og avløysar ordførar i ordføraren sin ordinære ferie og ved kortare sjukdomsperiodar (inntil 16 dagar). 
 
 
4. Formannskapet
Formannskapet sine medlemmer (ikkje ordførar og varaordførar) skal ha fast godtgjersle lik 4% av ordføraren si godtgjersle (pr. 01.10.15 kr 37.829,-) Ordinær møtegodtgjersle lik 0,1 % av ordføraren si godtgjersle (pr. 01.10.15 kr 946,-) kjem i tillegg (ikkje ordførar).
 
Varamedlemmer som møter på 50% eller meir av møta i løpet av eit år skal ha 2% av ordføraren si godtgjersle (pr. 01.10.15 kr 18.914) i tillegg til møtegodtgjersla.
 
Fråver frå meir enn 25% av møta i løpet av eit år fører til ein reduksjon på 25% i den faste godtgjersla. Fråver frå meir enn 50% av møta i løpet av eit år fører til ein reduksjon på 50% i den faste godtgjersla. Fråver frå meir enn 75% av møta i løpet av eit år fører til ein reduksjon på 75% i den faste godtgjersla.
 
Eit år skal reknast frå 01.10 – 30.09. 
 
 
5. Andre utvalsleiarar
Leiarane i følgjande utval skal ha ei godtgjersle lik 2% av ordføraren si godtgjersle (pr. 01.10.15 kr 18.914,-):
 
  • kontrollutvalet
  • kulturutvalet
Leiarane i følgjande utval skal ha ei godtgjersle lik 1% av ordføraren si godtgjersle (pr. 01.10.15 kr 9.457,-):
 
  • styret for næringsfondet
  • viltnemnda
Leiar av ad hoc-utval nedsett av kommunestyret skal ha dobbel møtegodtgjersle. Ved forfall skal nestleiar eller den som blir vald som møteleiar ha denne.
 
 
6. Møtegodtgjersle
Møte- og leiargodtgjersla er vederlag for førebuingsarbeid, arbeid under møta og ev. oppfølging av saker.
 
For medlemmer som møter i fleire utval same dag vert det utbetalt inntil 2 møtegodtgjersle pr dag. Unntak for dette er når Planutvalet og Formannskapet har møte same dag.
 
Kommunestyret sine medlemmer og varamedlemmer (ikkje ordførar) skal ha møtegodtgjersle lik 0,15% av ordføraren si godtgjersle (pr 01.10.15 kr 1.419,-)
 
Møtegodtgjersle blir elles sett til 0,1 % av ordføraren si godtgjersle (pr. 01.10.15 kr 946,-) til møtande medlemmer og varamedlemmer av:    
  1. formannskap
  2. administrasjonsutval
  3. andre faste utval vald av kommunestyret som underutval, arbeidsutval, ad hoc-utval, forhandlingsutval m.v som vert oppnemnt av kommunestyret
  4. Kommunen sine valde representantar i årsmøte, generalforsamlingar, arbeidsgrupper eller styringsgrupper og styre i ikkje kommunale organ kan krevje godtgjersle når dette ikkje blir betalt av andre.

Det vert ikkje betalt kommunal møtegodtgjersle til kommunalt valde representantar til deltaking på kurs eller konferansar og synfaringar.

Det vert heller ikkje betalt møtegodtgjersle til arbeidsutval m.v. som vert sett ned av formannskap, komitear eller andre utval utan etter særskild vedtak i formannskap eller kommunestyre.

Reiseutgifter og ev. tapt arbeidsforteneste vert imidlertid dekt etter vanlege reglar.

 
 
7. Reiseutgifter
Reiseutgifter vert dekt etter reglane i det kommunale reiseregulativet. Skjema for reiserekning skal nyttast ved innsending av krav.  (XLSX, 28 kB)
 
 
8. Tapt arbeidsforteneste
 
Legitimert tap:
Legitimert tapt arbeidsforteneste og legitimert utlegg til stedfortredar vert erstatta med inntil kr. 3000,- pr. dag (kr 400,- pr. time.)Når ein nyttar legitimert utlegg til stedfortredar (vikar, avløysar m.v.) kan ein ikkje krevje legitimasjonsfri erstatning.
 
Den tapte arbeidsfortenesta må vere tilfredstillande dokumentert. For arbeidstakarar skal legitimasjon ligge føre i form av erklæring frå arbeidsgjevar om storleiken på lønstapet inklusiv feriepengar og ev. pensjonsytelser. For sjølvstendig næringsdrivande skal likningsattest nyttast som legitimasjon. Inntekta blir å dividere med 1800 timar, og denne timesatsen vert nytta for å rekne ut tapet.
 
 
Ulegitimert tap:

Ulegitimert tap vert godtgjort med inntil kr 1500,- pr. dag ( kr. 200,- pr. time)

Ulegitimert tap skal dekkje tap og utgifter som vanskeleg lar seg dokumentere for grupper som er utan fast lønna arbeid. Slike grupper er t.d. personar utan vanleg lønnsinntekt, studentar,pensjonistar, frilansere m.v. Det er krav om at ulegitimert inntektstap kan sannsynleggjerast.Arbeidstid for tapt arbeidsforteneste blir rekna til 7,5 timars arbeidsdag. Erstatning for kortare møte vert utbetalt høvesvis pr. time medgått tid.

Sjølvstendig næringsdrivande kan dersom dei vel det, krevje legitimasjonsfri erstatning.

Erstatning for tapt arbeidsforteneste vert berre utbetalt dersom det er sett fram krav om det. For deltidstilsette vert tap utanom lønsinntekt utbetalt som legitimasjonsfri erstatning etter stillingsprosent.

 
Utgifter til barnepass m.v:

Utgifter til pass av eigne barn og tilsyn av familiemedlemmer som trenger spesiell omsorg vert kompensert mot dokumentasjon av at pass eller tilsyn er utført etter satsen for ulegitimert tap (inntil kr 1500 pr. dag –inntil kr 200,- pr. time)
 

9. PC-ordning

Alle medlemmene i kommunestyret og dei to første varamedlemmer på kvar gruppe (kun første vara for KRF, V og MdG) disponerer ein kommunal iPAD i kommunestyreperioden. Det vert normalt ikkje sendt ut sakspapir i posten.

 
12. Tolkning av reglementet. Frist for innsending av krav.
Spørsmål om dispensasjon frå reglementet og tolkning av tvilsspørsmål i høve til reglementet vert overlatt til formannskapet å avgjere.
 
Den faste godtgjersla og møtegodtgjersla vert utbetalt 2 gonger pr. år i april og oktober månad.
 
Krav som gjeld reiseutgifter og tap i arbeidsinntekt bør innsendast to gonger pr år eller oftare, og minimum ein gong pr. år. Alle skal nytte kommunalt standardskjema for reiseutgifter og krav om tapt arbeidsforteneste. Skjema er tilgjengeleg på den nye politikarportalen. 
 
Fast godtgjersle og møtegodtgjersle vert avrunda til næraste heile krone.
Sist endra 07.03.2016
Fann du det du leitte etter?

Kontaktpersonar

Elin Moen

Leiar for forvaltning / politisk sekretær
Telefon : 70 20 75 32
E-post : Send e-post
 
 
Login for redigering