Om kommunereform i Haram

Kommunane Ålesund, Skodje, Sandøy og Ørskog gjorde vedtak om å slå seg saman i juni 2016. Haram valde då å fortsette som eiga kommune.
 
Det vart seinare varsla at Stortinget vil gjere vedtak om tvangssamanslåing, endeleg avgjerd skjer i Stortinget 8. juni 2017. Kommunestyret har difor vedteke at også Haram skal ta del i forhandlingane om nye Ålesund kommune, og har valt ei styringsgruppe som representerer Haram i arbeidet.
 
Vedtak og milepælar knytt til kommunereform i Haram:


2016


► Folkerøysting i Haram kommune 19.5.2016:

Resultat frå folkerøystinga

► Intensjonsavtale ÅSSH (15.6.2016)

Intensjonsavtale inngått mellom forhandlingsnemdene i kommunane Haram, Sandøy, Skodje og Ålesund
Les avtalen her (PDF, 800 kB)

► Vedtak i Haram kommunestyre 22.6.2016:

Kommunereform - Haram kommune sitt val

 

2017
 

► Avtale inngått mellom Høgre, FrP, Venstre og KrF (22.2.2017):

Regjeringspartia Høgre og Frp, samt Venstre og Krf, inngjekk avtale om kommune- og regionreforma.

► Einigheit mellom Høgre, FrP og  Venstre om bruk av styringsretten (22.2.2017):

Regjeringspartia Høgre og Frp, samt Venstre vart einige om bruk av styringsretten kommunereforma.
Les partia si pressemelding "Enighet om kommune- og regionreform" her

► Skriv frå  Fylkesmannen i Møre og Romsdal 

Infoskriv nr 1/2017: Nye kommunar i Møre og Romsdal

► Ordføraren orienterer under kommunestyremøte (9.3.2017)

Ordførar Vebjørn Krogsæter orienterer om arbeidet med kommunereforma
Sjå opptak av orienteringa i kommunestyremøtet her

► Prop. 96S (2016/2017) - Endringar i kommunestrukturen

Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) (5.4.2017)
Les dokumentet her (www.regjeringen.no) (NB! Kan ta noko tid å laste ned)

► Vedtak i Haram kommunestyre (6.4.2017): 

Val frå Haram til styringsgruppe - Nye Ålesund kommune


Komande hendingar 

  • Vedtak i Stortinget 8.6.2017
     
  • Felles kommunestyremøte - oppretting av fellesnemd, nye Ålesund kommune  21.6.2017
     
  • Den nye kommunen blir formelt oppretta av Kongen i statsråd
     
  • Stortingsval 11.9.2017

 

Sist endra 27.04.2017