Stortings- og sametingsvalet 2017

Storingsval 2017 - 2.jpg - Klikk for stort bilete

Det blir halde stortingsval i Haram måndag 11. september 2017.

Manntal

For å kunne røyste ved valet må du stå i manntalet. Du står i manntalet i den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett  30. juni 2017.

Manntalet for Haram kommune blir lagt ut til ettersyn frå 17. juli til og med 11. september på kommunehuset i Brattvåg, servicetorget. Oppmøte i vanleg kontortid (08.00-15.30).  Du kan også ta kontakt med kommunen pr. telefon 70 20 75 00, eller pr. e-post postmottak@haram.kommune.no

Dersom du meiner manntalet inneheld feil, kan du sende skriftleg krav om oppretting av feilen til
Valstyret i Haram,
Storgata 19, 6270 Brattvåg.

Førehandsrøysting

Den ordinære førehandsrøystinga skjer i perioden frå og med 10. august til og med 8. september (innanriks). Dersom du ikkje har høve til å røyste i den ordinære tida for førehandsrøystinga eller på valdagen, kan du ta kontakt med servicetorget i kommunen for å  røyste på kommunehuset i Brattvåg i tida 3. juli til og med 9. august – såkalla tidleg røysting.  Denne røystinga skal i hovudsak skje innafor vanleg kontortid for servicetorget

Hugs legitimasjon!

Les meir om førehandsrøysting her

Sist endra 23.06.2017

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post