Reglement for økonomiske middel som vert disponert av ungdomsrådet i Haram

Formål

Formålet med midlane er å fremje trivselen hjå ungdom i Haram både lokalt og kommunalt.
 

Kva kan ein få støtte til?

Ein kan søke støtte til prosjekt som skapar godt miljø og trivsel for ungdom i Haram. Dette er til dømes
konsertar, idrettsaktivitetar og liknande.


Kriterium for tilskot

  • Tiltaket må komme ungdom i Haram til gode.
  • Gruppa eller organisasjonen må minst ha ein ansvarleg vaksen som kontaktperson. Denne må vere over 18 år.
  • Det er kontaktpersonen som har ansvar for at støtta vert brukt slik den er tiltenkt.
  • Alle arrangement med støtte frå Haram Ungdomsråd må vere rusfi'ie, og ha fleire myndige personar tilstades
  • som skal ta ansvar for sikkerheita.
  • Ein må kunne vise budsjett for søknad om tilskot, og rekneskap etter bruk av midlar. Dette må gjerast av ein ansvarleg vaksen.

Krav til søknaden

Alle søknadar kan sendast elektronisk. Søknaden skal innehalde:
  • Fullstendige opplysningar om kontaktperson for gruppa eller organisasjonen.
  • Konkret omtale av prosjektet eller investeringa. Ved vaksenstyrte prosjekter må barne- og
  • ungdomsmedverking synliggjerast.
  • Fullstendig budsjett, der alle utgifter og inntekter, i tillegg til inntekter frå andre kjelder, er spesifisert.
  • Prosjektskildring med mål, aktivitetar og ønska resultat, samt tidsplan for gjennomføringa av prosjektet


Søknadsfrist

Det er årleg to søknadsfristar; 1. mai og 1. desember. Midlar frå Ungdomsrådet i Haram må brukast innan tre månader etter tildeling, dersom det ikkje har vorte søkt om utsetting.


Klage på utdeling av midlar

Ungdomsrådet føreheld seg retten til å gjere om vedtak om fordelinga av midlar. Kommunestyret kan, dersom dei meiner ungdomsrådet handlar i strid med reglementet for utdeling av midlar, klage vedtak gjort av ungdomsrådet til ny behandling av rådet ein gong til.


Krav til rapportering

Søkar forpliktar seg til å returnere ein beskrivande sluttrapport saman med rekneskap.
  • Rapport og rekneskap skal vere underskriven av to personar i gruppa; til dømes økonomiansvarleg og prosjektansvarleg.
  • Ubrukte midlar skal returnerast til Haram Ungdomsråd.
  • Haram Ungdomsråd vil besøke enkelte prosjekt etter nærare avtale.
  • Kommunestyret har rett til å kontrollere at tilskota er brukt etter føresetnadane.


Krav om tilbakebetaling

Ved mislighald av midlar, dersom midlar er gitt på falskt grunnlag eller ved mangelfull rapportering, kan Haram Ungdomsråd krevje tilskot tilbake frå søkar. Midlar som ikkje er brukt, eller som ikkje er brukt slik det vart avtalt, skal betalast tilbake.
Sist endra 13.03.2018