Få beskjed om stenging av vatn

Du kan bli varsla på SMS når vi gjer utbetringsarbeid og må stenge vatnet, ved kokevarsel og ved andre hendingar der du bur.  

Kort fortalt

  • Varsel blir sendt med SMS til mobiltelefonar og som talemelding til fasttelefonar.
  • Har du jobbtelefon eller hemmeleg nummer må du registrere kva nummer du vil bli varsla på.
  • Bedrifter bør registrere nummer på tilsette som skal motta varsel.

Du blir varsla med SMS. Dersom du berre har fasttelefon, får du ei automatisert talemelding. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekopling er derfor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemder.

Slik finn kommunen telefonnummeret ditt

For privatpersoner blir kontaktinformasjon henta frå det nasjonale kontaktregisteret. For bedrifter blir kontaktinformasjon henta frå enhetsregisteret.

Desse har vi ikkje nummeret til: 

  • Innbyggarar under 16 år.
  • Jobbtelefon som er knytt til arbeidsstaden si adresse. 
  • Telefonar som er reservert mot visning i nummeropplysningstenester (hemmeleg nummer).
  • Kontaktpersonar i bedrifter.

Difor anbefaler vi at du sjekkar om telefonnummeret ditt er registrert, og legg inn informasjon sjølv slik at du får varsel slik du ønsker. Telefonnummer som blir registrert i databasen er hemmeleg for alle andre.

Slik sjekkar du om du får varsel frå oss

Har du 20 liter vatn per person heime i beredskap?

Direktoratet for sikkerheit og beredskap rår oss til å lagre 20 liter drikkevatn per person. Då har du til minimumsbehovet for ei veke dersom noko skulle skje med vatnet i springen.

Reint vatn på reine behaldarar kan lagrast i årevis utan at det blir farleg å drikke.