Kva gjer du ved påkøyrsel av dyr?
- Varsle politiet - 02800. Politivakta har liste over ettersøksjegerar. Om bilen har treft dyret er det nesten utan unntak skadd, sjølv om det har sprunge vidare. Informer gjerne politiet om koordinatane til staden du er, du finn dette i kartet på mobilen din. Dersom du ringer politiet ved hjelp av appen «Hjelp 113» ser dei nøyaktig kvar du er.
- Hugs å sikre og merke ulykkesstaden. Du må sikre ulykkesstaden ved å sette ut ein varseltrekant og skru på nødblink. Ta på refleksvest.
- Dersom du får løyve frå politiet til å køyre vidare, skal du merke staden der påkøyrselen skjedde. Kommunen, mange bensinstasjonar og forsikringsselskap deler ut spesielle merkeband som er lurt å ha i bilen. Bruk eventuelt ein plastpose eller liknande. Dette er viktig for at ettersøksjegeren skal vite kvar sporinga skal starte.
Avlive eller ikkje avlive dyret?
Du skal ikkje avlive hjort, rådyr eller husdyr sjølv, med mindre politiet har godkjent det. Dette er for å unngå unødig liding.
Unntaket er småvilt som fuglar, rev, grevling, ekorn og mindre dyr. Desse kan du avlive sjølv dersom det er openbert at dyret ikkje vil overleve.
Sjå Lov om dyrevelferd § 4.
Kva skjer etter ein påkøyrsel?
Å køyre på eit dyr er ikkje straffbart. Men å ikkje varsle om at det har skjedd, og ikkje å stoppe og sjekke tilstanden til dyret, er straffbart og kan medføre inndraging av førarkort.
Varsling til politiet kan også vere eit vilkår for å kunne bruke bilforsikringa din. Skade etter kollisjon med vilt gir ikkje bonustap så lenge ein har varsla.
Meld frå om skada eller sjukt vilt
- På dagtid (kl. 09.00-15.30):
Ta kontakt med Nordre Sunnmøre landbrukskontor via sentralbordet på telefon 70 20 75 00.
- På kveldstid:
Ring politiet på 02800. Når du ringer politiet etter ein påkøyrsel varslar dei fallviltjegerar og andre relevante aktørar.
Om ein finn eit dødt hjortevilt i vegbana skal også dette meldast til politiet. Dette for at hendinga skal registrerast i Hjorteviltregisteret.
Kontakt