Kranselag for Eidet skule

Den nye bygningen som skal bli Eidet skule er tett, dette vart feira med kranselag fredag den 26. april.

Kranselag er ein tradisjon der byggherren inviterer til ei feiring for å markere at bygget er tett. I dag var omlag 80 inviterte gjestar frå kommunen, totalentreprenør, prosjektleiing og underentreprenørar samla for å markere ein ny milepæl for det som skal bli Eidet skule.

Prosjekt i rute

Byggeprosjektet er godt i rute. Frå januar 2025 skal ungdomsskuleelvane flytte inn i sin del, og rivinga av den gamle ungdomsskulen kan starte. Ein vil då gå i gang med arbeidet med den delen av bygget som skal huse barneskulen. Denne skal stå ferdig i august 2025.

Her finn du meir informasjon om prosjekt Eidet skule