Økonomisk rådgiving - ei gratis teneste

Har du gjeld og vanskar med å betale den? Eller har du problem med å disponere pengane slik at dei strekk til? 
Då er det viktig å søke hjelp i tide.

Mann og kvinne framor offentleg tenestebygg - Klikk for stort bileteArild Klokk-Jensen, leiar ved NAV Haram og gjeldsrådgivar Janita Høyberg Haram kommune

Dersom du har betalings- eller gjeldsproblem, kan NAV gi deg økonomisk rådgiving. Hensikta med tenesta er å gi råd og rettleiing, slik at du blir i stand til å styre økonomien din sjølv. 

Hos NAV Haram har tilbodet om gjeldsrådgiving vore operativt frå 1. januar i år. Tenesta er eit samarbeid mellom Giske kommune og Haram kommune.

Eit lokalt lavterskeltilbod

-Det å få økonomisk rådgiving skal vere eit lavterskeltilbod, og alle som tar kontakt vil få tilbod om hjelp ut frå sitt behov, seier Janita Høyberg.

 Ho er tilsett som gjeldsrådgivar og deler arbeidstida si mellom dei to samarbeidskommunane. I Haram dekker ho ei 40% stilling.

 -Stillinga mi er dedikert til gjeldsrådgiving, og eg er den som er kontaktperson for regionalt og nasjonalt nettverk. Men det viktig å påpeike at alle tilsette ved NAV Haram jobbar med råd og rettleiing. Dei kan også gi råd rundt økonomiske spørsmål, der hjelper eg til med min fagkompetanse på området.

-Det er stor variasjon i hjelpebehov frå sak til sak, og ofte er bistanden vi gir ein del av eit tverrfagleg samarbeid, fortel Janita vidare. - Vår overordna oppgåve er å gi hjelp til sjølvhjelp, og bistå dei som tar kontakt til å få nok kunnskap og informasjon til å ta gode val om eigen økonomi. 

Med godt samarbeid, eigeninnsats og vilje kan sjølv komplekse saker få ei løysing, seier rådgivaren.


Arild Klokk-Jensen, leiar ved NAV Haram, legg vekt på viktigheita av å kunne tilby tenester der brukaren er.

-Det er klare fordelar med å vere eit lite NAV-kontor som har tette forbindelsar til andre kommunale tenester, seier han. - Det gir mindre byråkrati og gjer avstanden mellom problemstilling og løysing mindre.

NAV Haram har til hensikt å kunne tilby ei personleg og tilgjengeleg tenesteyting til alle innbyggarane i Haram kommune, avsluttar Klokk-Jensen.

 

Kva type hjelp kan gjeldsrådgivaren gi?

Korleis søke om å få gjeldsrådgiving?

I denne artikkelen finn du søknadsskjema og informasjon om NAV Haram