Høyring: Lokal forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemål ved jakt på hjort

I vedtak i formannskapet 18.08.2026 legg Haram kommune Lokal forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemål ved jakt på hjort ut til høyring. Høyringsfrist er 10. september 2026.

Vedtaket frå formannskapet er gjort med heimel i Viltressurslova § 26, Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst § 29a.

Haram kommune vurderer gjennom lokal forskrift å opne for bruk av restlysforsterkande og termisk siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng.

Grunngjeving er at det er nødvendig for å avverje alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser som følge av høg hjortebestand og det er i tråd med måldokument for hjorteforvaltning i Haram kommune. Termisk/restlysforsterkande siktemiddel vil vere eit verktøy som gjer det lettare å ta ut dei riktige dyra i henhald til forvaltningsmåla for hjort i kommunen.

Dokument i saka

Her finn du alle dokument i saka

Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til saka kan sendast Haram kommune på ein av følgande måtar, oppgi referansenummer 26/1810.

Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarleg for høyringa: Landbruk

Høyringsfrist: 10. september 2026