Auka kimtal i vatn frå Vatne og Brattvåg vassverk

Det er oppdaga auke i kimtalet i vatn frå Vatne vassverk og Brattvåg vassverk. Auken er berre eit varsel om at vasskvaliteten er endra og det er ikkje funne sjukdomsframkallande bakteriar.

Kimtal fortel noko om bakteriar og mikroorganismar som naturleg finst i vatnet. Auka nivå i vatnet frå vassverka er ikkje nødvendigvis nokon helsefare i seg sjølv.  Prøvene som er tatt viser heller ikkje utslag på sjukdomsframkallande bakteriar.

Auka nivå på kimtal kan for eksempel henge saman med mykje nedbør.

Framover vert det auka kimtalet følgd opp med tettare prøvetaking, for å følge med på vasskvaliteten. Dersom prøvene gir andre utslag, vil innbyggarane straks bli varsla om resultat og tiltak som må gjerast.

Brattvåg vassverk sørger for drikkevatnet til innbyggarar i desse områda:  Brattvåg, Hellandshamn, Hildrestranda og Nordøyane inkludert heile gamle Sandøy kommune. Dette inkluderer også dei private vassverka på Hildre og Fjørtoft.

Vatne vassverk forsyner Vatne/Tennfjord-området, samt Hellestranda private vassverk.