
Brenning er regulert av mellom anna forureiningslova §§ 7 og 8 og forskrift om brannførebygging § 3. Regelverket skal hindre forureining, helseplager og brannfare.
Kva kan du brenne?
Vanleg bålbrenning med reint, tørt trevirke er normalt tillate når brenninga ikkje medfører brannfare eller nemneverdige skadar eller ulemper for omgivnadene.
Døme på materiale som kan nyttast til bålbrenning:
- Reint, ubehandla trevirke.
- Tørr ved og kvistar.
- Ubehandla plankar og bord utan måling, impregnering eller andre kjemiske tilsetjingar.
Brenning av mindre mengder tørt hageavfall er tillate, men må vurderast ut frå omfang, røykutvikling og eventuelle ulemper for omgivnadene. Vi oppmodar om at hageavfall heller blir kompostert eller levert til ein av Attvin sine miljøstasjonar som har mottak for hageavfall. Her finn du oversikt over miljøstasjonar.
Dette skal du ikkje brenne:
- Impregnert, måla, beisa eller lakkert trevirke.
- Plast, gummi og bildekk.
- Papp, papir og emballasje som avfall.
- Bygnings- og rivingsavfall.
- Møblar, madrassar, tekstilar og teppe.
- Elektriske og elektroniske apparat.
- Sponplater, MDF og andre limte treprodukt.
- Anna hushaldningsavfall eller næringsavfall.
Slikt avfall skal leverast til ein av Attvin sine stasjonar.
Kommunen er forureiningsmyndigheit for open brenning og brenning av avfall i småomnar, sjølv om vi ikkje har ei lokal forskrift. Kommunen kan føre tilsyn og gi pålegg om tiltak dersom brenninga er i strid med forureiningsregelverket.
Ta omsyn til naboane dine
Røyk frå bål kan innehalde helseskadelege stoff og partiklar som kan føre til luftvegsplager. Personar med astma, allergi eller andre luftvegssjukdommar kan vere særleg utsette.
Haram kommune oppmodar derfor om å unngå bålbrenning i bustadfelt og tettbygde område.
Før du tenner bål, bør du også:
- Ta omsyn til vindretning og vêrforhold.
- Unngå brenning som fører til mykje røyk eller lukt.
- Avklare planlagd brenning med naboane.
- Ta særleg omsyn til personar som kan få helseplager av røyken.
Sjølv om materialet i bålet er lovleg å brenne, kan brenninga vere ulovleg dersom ho fører til forureining som er i strid med forureiningslova.
Du er sjølv ansvarleg
Ved bålbrenning, grilling og annan bruk av open eld er du sjølv ansvarleg for å vurdere brannfaren.
Den som tenner bålet, har ansvar for at brenninga skjer på ein trygg måte, og for at elden er fullstendig sløkt før staden blir forlaten.
Det generelle bålforbodet gjeld frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det som hovudregel forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark.
Det er likevel tillate å gjere opp eld der det er openbert at brann ikkje kan oppstå, eller dersom kommunen har gitt særskilt løyve.
Kravet om aktsemd gjeld heile året, også utanfor perioden med generelt bålforbod.
Er du usikker på om det er trygt å gjere opp eld, bør du la vere eller kontakte brannvesenet.
Når bør bålbrenning skje?
Vi oppmodar om at bålbrenning berre skjer på dagtid og under eigna vêrforhold, slik at ein har god oversikt over bålet og omgivnadene.
Før opptenning må du sørge for at:
- Det ikkje er fare for at elden spreier seg.
- Bålet har god avstand til bygningar og vegetasjon.
- Du har eigna sløkkjeutstyr tilgjengeleg.
- Bålet ikkje er større enn at du har full kontroll.
- Brenninga ikkje fører til unødige røykplager for andre.
Ved større bål oppmodar vi om at Møre og Romsdal 110-sentral KF blir varsla før opptenning på telefon 70 11 99 99.
Merk at varsling til 110-sentralen ikkje er det same som å få løyve til å brenne. Den som tenner bålet, har framleis det fulle ansvaret for at brenninga er lovleg og trygg.
Meld frå om ulovleg avfallsbrenning
Har du opplysningar om ulovleg brenning av avfall i Haram kommune, kan du sende ei melding til oss via eDialog (innlogging med BankID), eller ved å sende e-post til postmottak@haram.kommune.no.
Ved akutt brannfare eller brann skal du ringe 110.
Meir informasjon