Forbodet gjeld alle tilsette når dei utfører arbeid for kommunen, og elevar og brukarar når dei oppheld seg på kommunale institusjonar og skular, eller deltek på turar og utflukter i regi av kommunen.
Kommunedirektøren vil halde ei orienteringssak om forbodet i Haram formannskap sitt møte den 29. september 2026.
Forbod innført av omsyn til personvern og sikkerheit
Bakgrunnen for forbodet er at bruk av denne typen utstyr kan utgjere ein fare for personvernet og sikkerheita til barn og unge, tilsette og andre som nyttar kommunale tenester.
Kommunedirektøren meiner det er for mange uavklarte spørsmål knytt til bruk av slikt utstyr.
Bruk av teknologi er delvis regulert gjennom Haram kommune sitt skulereglement og lokale skulereglar, men reglane er ikkje tydelege nok når det gjeld bruk av denne typen ny teknologi.
Formelle nasjonale føringar og retningslinjer er ikkje på plass, men kunnskapsministeren har gitt uttrykk for at alle kommunar og skular bør innføre eit slikt forbod i skulen.
Omsynet til personvernet og sikkerheita til elevar, brukarar og tilsette gjer at kommunedirektøren ønsker å vere føre var, og innfører forbodet med umiddelbar verknad.
ROS-analyse om bruk av KI-briller
Samtidig med at forbodet blir innført, skal kommunen starte ei utgreiing og gjennomføre ein ROS-analyse av bruk av slikt utstyr.
Når desse prosessane er gjennomførte, vil kommunedirektøren legge fram ei sak for formannskapet om funna i ROS-analysen. Analysen vil mellom anna danne grunnlag for ei oppdatering av reglane for personvern i Haram kommune.