Tirsdag 24. november inviterer Haram kommune til inspirerande bedriftsbesøk til tre ulike gardar ute på Nordøyane.
Målet med tilbodet er å inspirere, gi nyttig kunnskap og skape kontakt mellom lokale gründarar og støtteapparatet. Vi ønsker å stimulere til meir samarbeid, engasjement og verdiskaping i landbruket, og satsar på skikkeleg inspirasjonspåfyll denne kvelden.
Når og kvar?
Tirsdag 24. november 2026, klokka 17.30 - 21.30.
Vi stiller med buss frå Skjelten. Avreise kl 17.30 frå parkeringsplassen ved Lepsøybrua.
Turen gratis, og det vert servert lett mat og drikke.
Program
- Avreise frå Skjeltene kl 17.30 - presis
- Bedriftsbesøk hos Sunnmørsegg
- Bedriftsbesøk ved Longva Kunstnarresidens
- Bedriftsbesøk hos Olav Reenskaug Fjørtoft og Ann Mari Bjørnøy
Påmelding
Du kan melde deg på ved å sende e-post til næringssjef Inger Synnøve Remme:
inger.synnove.remme@haram.kommune.no
Første mann til mølla!