Hans Majestet Kong Harald er død

Konge i uniform - Klikk for stort bilete Kimm Saatvedt / Det kongelige hoff

Haram kommune har med sorg teke imot bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald er død.

På vegne av innbyggarane ønsker kommunen å uttrykke vår djupaste medkjensle med den kongelege familien og alle som sørger.

Gjennom sitt liv og si gjerning har Kongen vore eit samlande symbol for landet vårt, og tent Noreg med omsorg for folket.  Vi minnest han med respekt og takksemd.

Vebjørn Krogsæter
Ordførar i Haram kommune

 

Kondolanseprotokoll

Det er lagt ut kondolanseprotokoll på Haram tenestehus frå fredag 28. august klokka 10.00, der alle som ønsker det kan skrive ei siste helsing og uttrykke si medkjensle. Protokollen vil vere tilgjengeleg i opningstida fram til og med gravferdsdagen.

Kondolanseprotokoll vil også bli gjort tilgjengeleg på ulike stader i kommunen, tidspunkt og lokalitet blir publisert tidleg i neste veke.