Haram kommune set betaling for tryggleiksalarm på pause

Kommunane i Møre og Romsdal har motteke brev frå Statsforvaltaren med ei presisering av regelverket for betaling av tryggleiksalarm. Fakturering av tenesta er no sett på pause.

Om ein skal betale for tryggleiksalarm eller ikkje, kjem an på kva behov alarmen skal dekke. 

Når tryggleiksalarmen er nødvendig for å sikre nødvendig tilsyn, tryggleik eller helse- og omsorgstenester, skal det ikkje krevjast betaling. Dette vil gjelde dei fleste som har tryggleiksalarm frå kommunen.

På bakgrunn av presiseringa frå Statsforvaltaren set Haram kommune vidare fakturering for tryggleiksalarm på pause, med verknad frå 1. august 2026.

Kommunen vil no gå gjennom gjeldande praksis og sjå nærare på kriteria for tildeling av tryggleiksalarm, og i kva tilfelle det eventuelt kan krevjast betaling. Målet er å sikre at praksisen er i tråd med gjeldande regelverk.

Dei som har tryggleiksalarm i dag, treng ikkje å gjere noko. Tenesta held fram som før. Innbyggarar dette gjeld, vil få eit eige brev frå kommunen med nærare informasjon.