Årsaka til forseinkinga er utfordringar i produksjonen hos vaksineprodusentar. Sjølv om vaksinen kjem seinare enn normalt, er det ikkje venta at dette vil få store konsekvensar. Kommunen planlegg oppstart av vaksinering frå midten av november, og det vil framleis vere god tid til å vaksinere dei aktuelle målgruppene før influensasesongen startar.
Timebestilling opnar når leveransen er avklart
Legekontora i kommunen er informert om forseinkinga. Informasjon om oppstart, bestilling av time og vaksinasjonsstadar blir publisert i kommunen sine kanalar så snart dette er avklart. Per no er det venta at det kjem meir informasjon rundt månadsskiftet september/oktober.
Nokre vaksinar blir levert som normalt
Vaksine til bebuarar på sjukeheim og nasesprayvaksine til barn vil bli leverte som normalt rundt veke 41.
Vaksinasjonsprogram til eldre og risikogrupper
Vaksinasjonsprogrammet for vaksne er retta mot personar som er 65 år eller eldre, og dei som høyrer til ei risikogruppe. Programmet omfattar både koronavaksine og influensavaksine.
I tillegg kan personar som er fødde i 1960 eller 1961 (ikkje tidlegare eller seinare) få vaksine mot lungebetennelse (Prevenar 20) til redusert pris.
For dei som skal ta fleire vaksinar, er det ein fordel å få desse samstundes. Av den grunn vil det ikkje bli gjennomført vaksinering mot korona før influensavaksinen er tilgjengeleg.
Meir informasjon om vaksineprogrammet for vaksne
Kontaktperson