Informasjon om faktura for kommunale gebyr

Haram kommune er straks i gang med utsending av årets første faktura for kommunale gebyr. Du kan vente å få fakturaen i løpet av veke 12 eller 13, forfallsdatoen vil vere 20. april.

Kort fortalt

  • Faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt i 2024 blir fordelt på fire terminar.
  • Dei fleste vil få ein auke i vassgebyret samanlikna med 2023. Forklaring på dette finn du i teksten under.
  • Du kan sjølv søke om utsett betalingsfrist via MiSide.

Faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt i 2024 blir fordelt på fire terminar. 

Du får fakturaer med forfall 20. april, 20. juni, 20. september og 20. november i 2024. Alle fakturaene som skal betalast ved desse terminane gjeld vatn, avløp, feiing, renovasjon, slam og eigedomsskatt.

Mot slutten av året vil det også bli sendt ut faktura for tilsynsgebyr til dei som har separate avløpsanlegg m.v., denne vil det kome meir informasjon om seinare.

Har du spørsmål til fakturaen?

Under har vi forsøkt å gi svar på nokre av dei spørsmåla kommunen får når det gjeld faktura for kommunale gebyr:

 

Fann du ikkje svar på det du lurte på?

Då kan du kontakte innbyggarservice, så vil dei rettleie deg. 

Innbyggarservice
E-post
Telefon 70 20 75 00