Kulturprisane for 2026 er tildelte

Kulturutvalet har tildelt kulturprisen og ungdommens kulturpris for 2026.

Vedtak om tildeling av prisane vart gjort under kulturutvalet sitt møte den 27. oktober.

Ungdommens kulturpris

Ungdommens kulturpris 2026 går til Teodor Klokset Lilleng.

Kulturutvalet si grunngiving for tildelinga

Gut kledd i blå jakke. Han har ein medalje festa på brystet - Klikk for stort bileteTeodor Klokset Lilleng er mottakar av Ungdommens kulturpris for 2026 Privat

Gjennom fleire år har Teodor vist eit stort engasjement og oppnådd svært gode resultat innan både skyting og fotball. Gjennom målretta arbeid, trening og vilje til utvikling har han markert seg som ein av dei fremste unge utøvarane innan sine område.

Allereie som 11-åring tok han medalje under Landskyttarstemnet, og sidan har han halde fram med å levere sterke resultat. I 2022 vann han sitt første NM-gull i skogsløp med skyting under Landsskyttarstemnet i Bodø. Etter nokre år med hovudfokus på fotball gjorde han i 2026 comeback som skyttar, og tok først bronse under Landsskyttarstemnet innandørs, før han vann to NM-gull under Landsskyttarstemnet på Lesja. Der vart han noregsmeister både i skogsløp med skyting og i feltskyting, og var den einaste skyttaren som trefte 42 av 42 moglege treff i feltrunden.

Samtidig har Teodor markert seg som fotballspelar. Han debuterte på A-laget til IL Ravn som 14-åring og har spela meir enn 60 seniorkampar. Han har også representert Hødd IL G16 på nasjonalt nivå, og hatt treningsopphald hos klubbar som Rosenborg, Sarpsborg 08 og Fredrikstad.

Det som gjer Teodor til ein verdig prisvinnar, er ikkje berre resultata han har oppnådd, men også måten han har gjort det på. Han har kombinert satsing på to ulike idrettar og vist stor innsatsvilje, lærelyst og gjennomføringsevne.

Teodor er ein rollemodell for andre ungdommar. Han viser at engasjement, hardt arbeid og vilje til å utvikle seg kan gi resultat. Samstundes bidreg han til å skape interesse for idrett og aktivitet blant barn og unge.

På bakgrunn av prestasjonane, engasjementet og den positive påverknaden han har på andre ungdommar, tildeler Haram kulturutval med glede Ungdommens kulturpris 2026 til Teodor Klokset Lilleng.
 

Kulturprisen

Ein mann i sportsjakke smiler mot kamera - Klikk for stort bileteOdd Einar Molnes er tildelt Haram kommune sin kulturpris for 2026 Privat

Kulturprisen for 2026 går Odd Einar Molnes.

Kulturutvalet si grunngiving for tildelinga

Odd Einar Molnes er oppvaksen på Myklebust på Harøya og har budd på Longva i nær 25 år. Heilt sidan barne- og ungdomsåra har han vore engasjert i idrett, kultur og lokalsamfunn på Nordøyane. Han er kjend som ei ja-menneske som alltid er villig til å bidra for fellesskapet.

Gjennom mange år har han vore ei sentral eldsjel i HaNo FK, både som spelar, trenar, leiar og pådrivar. Han har hatt ei rekke verv i klubben og vore særleg oppteken av å skape gode aktivitetstilbod for barn og ungdom.

Samtidig har han markert seg som ein viktig personlegdom for kulturlivet. Som skodespelar, revymann, musikar, tekstforfattar og arrangør har han bidrege til å skape eit rikt og levande kulturliv på øyane. Han har vore pådrivar, tekstforfattar og idémakar for fleire av HaNo sine revyar, kreativ leiar for større arrangement og ein sentral bidragsytar i alt frå UKM og HaNo-dagane til konsertar og show. Som programleiar, underhaldar og inspirator har han også bidrege til ei rekke arrangement for korps, kor, 17. mai-komitear og andre lag og organisasjonar.

Dei seinare åra har han også gjort ein stor innsats for samfunnsbygging og samarbeid mellom øyane. Gjennom ulike verv og engasjement, mellom anna som leiar i det tidlegare kommunedelsutvalet for Nordøyane, har han vore ei samlande kraft som har styrkt fellesskap, samarbeid og utvikling i regionen.

Med sitt sterke engasjement, store arbeidskapsitet og evne til å få med seg andre, har Odd Einar gjennom eit heilt liv vist kva frivillig innsats kan bety for eit lokalsamfunn. Difor meiner kulturutvalet at han er ein særs verdig mottakar av Kulturprisen 2026.
 

Prisutdeling under årets siste kommunestyremøte

Utdeling av begge kulturprisane vil skje under Haram kommunestyre sitt møte den 10. desember.

Vi gratulerer prisvinnarane og takkar for innsatsen dei har lagt ned for kultur- og idrettslivet i Haram kommune!

Her finn du meir informasjon om Haram kommune sine kulturprisar