Korona- og influensavaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne til alle som er 65 år og eldre, i tillegg til vaksne og barn i risikogrupper.
Folkehelseinstituttet si oppdaterte tilråding er at dei som er 75 år og eldre bør ta koronavaksine, men alle mellom 65 og 74 år kan få vaksinen gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei ønsker det
Pneumokokkvaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne det året du fyller 65 år. Dei første årsklassane som får tilbodet, er dei som er fødde i 1960 og 1961.
Her kan du lese meir om vaksenvaksinasjonsprogrammet (FHI)
Korleis bestille tid for vaksinasjon?
I Haram skjer vaksinasjonen i hovudsak ved Haram tenestehus og Haramsøy legekontor.
Haram tenestehus (Brattvåg)
- Fredag 6. november (kl 08.30-12.00 og 12.40-15.00)
- Onsdag 11. november (kl 08.30-12.00 og 12.40-15.00)
- Torsdag 12. november (kl 08.30-12.00 og 12.40-15.00)
- Fredag 13. november (kl 08.30-12.00 og 12.40-15.00)
Tilbodet er ope for alle innbyggarar over 65 år eller som tilhøyrer ei risikogruppe.
Ring Brattvåg legekontor på telefon 46 80 78 30 for timebestilling.
Haramsøy legekontor
- Fredag 6.november (kl 08.30-12.00 og 12.40-15.00)
- Tirsdag 10. november (kl 08.30-12.00)
- Onsdag 11. november (kl 14.00-18.00)
Tilbodet er meint for innbyggarar som har fastlege ved legekontoret på Haramsøya, og som er over 65 år eller som tilhøyrer ei risikogruppe.
Ring Haramsøy legekontor på telefon 48 10 01 90 for timebestilling.
Vatne legekontor, Brattvåg legekontor og Haramsøy legekontor vil også vaksinere utenom desse dagane.
Om du er under 65 år og ikkje er i risikogruppa men likevel ønsker å ta influensavaksine, må du ta kontakt kontakt med apotek eller annan helseleverandør.
Pris
Prisane for vaksinane er fastsett av Helsedirektoratet, sjå Egenbetaling for vaksine og vaksinasjon i voksenvaksinasjonsprogrammet - Helsedirektoratet.
Sjå Haram kommune sin informasjon om vaksinar