Tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad

Frå og med måndag 21. september kan privatpersonar søke om tilskot frå Husbanken til å gjere eigen bustad meir aldersvennleg. Frist for å søke på ordninga i 2026 er 30. oktober.

Målet med tilskotsordninga er at fleire skal kunne bu heime lenger, også når helsa endrar seg. 

Tilskotet er retta mot søkarar som er 62 år og over. Søknader vil bli prioritert etter søkaren si inntekt inntil årets tilskotsramme er disponert. Det er sett av 89 millionar kroner til ordninga i 2026, og det er Husbanken som forvaltar ordninga.

Kort om ordninga

Du kan søke om tilskot dersom

  • du er over 62 år eller bur med nokon som er over 62 år
  • du bur i bustaden sjølv og den er ein eigd eller leigd heilårsbustad. Om du leiger må du ha samtykke frå utleigar.
  • bustaden er di folkeregistrerte adresse
  • du skal oppgradere for minst 40 000 kroner

Du kan få dekt inntil 25 prosent av kostnadane til prosjektet, men maksimalt tilskot er 75 000 kroner. 

Meir informasjon hos Husbanken

Søknadsskjema og nærare informasjon om ordninga finn du på Husbanken sine nettsider:

Gå til husbanken.no