Varsel om arbeid og stenging av veg ved Reiten

Haram kommune skal utføre gravearbeid ved Reiten. Arbeidet omfattar graving på tvers av FV5970 Vatnevegen, legging av ny overvassleidning, etablering av kummar og ny stikkrenne.

FV5970 blir difor stengd ved Reiten frå måndag 23. november kl. 09.00. 

Stenginga gjeld medan gravearbeidet pågår. Omkøyring blir skilta via den kommunale vegen Øvstebygda. Gåande og syklande må òg følgje omkøyringsruta, då det ikkje vil vere mogleg å passere gjennom arbeidsområdet.

Bebuarane vil framleis ha tilkomst til innkøyrslene sine frå kvar si side av stenginga. Vatnevegen 289 har tilkomst frå vest, og Reiten 299 har tilkomst frå aust.

Vi gjer merksam på at det vert auka trafikk i Øvstebygda i anleggsperioden, og oppfordrar alle trafikantar til å vise omsyn til gåande og syklande.

Vegen blir opna att når arbeidet er ferdigstilt og det er trygt å sleppe trafikken gjennom.

Kartutsnitt - Klikk for stort bilete