Velkomen til nytt folkemøte for seniorar

Onsdag 16. september er det klart for eit nytt folkemøte for seniorar. Folkemøtet er eit samarbeid mellom pensjonistlag og aktørar i kommunen, og denne gongen er temaet Bustadtilpassing - trinn 1-3.

Ei gruppe menn og kvinner står framfor ein offentleg bygning. Eit kommunevåpen viser på veggen bak dei. - Klikk for stort bileteNokre av bidragsytarane under til folkemøte for seniorar i januar 2026: Frå venstre Kristin Fjeld-Eiken (kommualsjef PELT), kommunedirektør Anders Norvald Hammer, rådgivar Greta Søvik, Frode Bøe Hatlelid (kommualsjef Livsløp), Svein Jarle Tharaldsen (leiar i Brattvåg og Omland pensjonistlag), ordførar Vebjørn Krogsæter og Leif Hofseth (leiar i Vatne og Omland Pensjonistlag) Haram kommune

Dette er årets andre folkemøte for seniorar, og arrangør denne gongen er Grytastranda Helselag.

Arrangementet er meint for alle innbyggarar over 65 år – men alle som er interesserte i temaet er sjølvsagt hjarteleg velkomne!

Når og kvar?

  • Dato: 16. september 2026
  • Tid: 12.00-15.00
  • Stad: Grytastranda Montessoriskule

Program

  • Korleis sikrar vi eit aldersvenleg Haram?  v/Kristin Fjeld Eiken, kommunalsjef PELT
  • Pause – Sal av kaffi og kaker, samt loddsal.
  • Korleis kan du tilpasse bustaden for å bu trygt heime lengst mogleg? – Ergoterapeutteamet v/ Jonas Myhre Fagervoll
  • Korleis halde kroppen sterk? -  Fysioterapeutteamet v/ Tonje Haugen Ødegård
  • Satstingar i Pensjonistforbundet v/ fylkesleiar Paula Næss Skår, Pensjonistforbundet Møre og Romsdal

Velkomen!