Meistringsgruppe for deg på ungdomsskulen (8.-10. trinn)
Kjenner du på stress, høge krav, eller at ting av og til blir litt mykje? Du er ikkje åleine – og du treng ikkje å stå i det åleine heller.
Pixabay.com
Vi startar opp ei samtalegruppe for 5–8 ungdommar der vi snakkar saman, gjer enkle øvingar og finn smarte verktøy for kvardagen.
Kort om tilbodet
I meistringsgruppa har vi fokus på korleis du kan
- bli tryggare på deg sjølv
- handtere stress og vanskelege kjensler
- sette grenser - både i kvardagen og på sosiale medium
Trygt og mobilfritt
Det som blir sagt i gruppa, blir i gruppa. Ingen tek bilete eller deler noko på sosiale medium, og vi legg vekk mobilane når vi er saman.
Praktisk informasjon
- Første samling er torsdag 14.01.27. Gruppa skal ha åtte samlingar.
- Vi møtest kvar torsdag, utanom vinterferien, frå kl. 15.00 til 16.30.
- Gruppa treffest på Haram tenestehus i Brattvåg (Strandgata 40).
- Vi serverer ein liten matbit
- Pris: Heilt gratis
Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål eller for påmelding. Påmeldingsfrist er 7. desember 2026.
Kontaktpersonar
- Madelen Nergård (psykolog)
Telefon: 90 63 17 17 - Camilla Hildre (familierettleiar/samtaleterapeut)
Telefon: 94 03 51 36
Sist endra 23.11.2026 13.50