Informasjon og varsling under ei krise

Slik får du informasjon, varsling frå Haram kommune og/eller norske styresmakter ved ei krise.

Lytt til offentlege kjelder

Haram kommune har som mål at du skal få all relevant informasjon om ei krise som gjeld oss på våre nettsider. Vårt råd er derfor å alltid gå til haram.kommune.no om ei krise oppstår.

Informasjon frå nettsida vår vil også bli delt på kommunen si Facebook-side, og i brukarsystem som til dømes skule- og barnehageportalen IST Home. 

Varsling på SMS frå kommunen

Når viktig informasjon må ut raskt, vil Haram kommune sende deg eit varsel på telefon. Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som berre er registrert med fasttelefon.

Adressebasert varsling kan til dømes skje:

Får du ikkje varsling?

Det kan vere fordi kommunen ikkje har rett informasjon om kvar du er tilkopla kommunalt leidningsnett eller at telefonnummeret ikkje er registrert på rett adresse. Det kan skje om du har telefon som er registrert på arbeidsgivar eller bur på ei anna adresse enn der telefonen er registrert.

Sjekk om du er registrert for varsling på varslemeg.no.

Flyalarm (tyfon)

Sivilforsvaret har sireneanlegg (tyfonar) for varsling av befolkninga ved akutt fare. I fredstid kan slik varsling vere aktuelt ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for flyangrep. Varslinga er ei oppmoding om å lytte til NRK radio P1.  Les meir om Sivilforsvaret  si varsling av befolkninga.

Merk at det ikkje er tyfonar plasserte i Haram kommune, men du vil kunne høyre desse om du oppheld deg andre stader.

Nødvarsel på mobil

Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter. Ved ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse, kan du få eit nødvarsel til mobiltelefonen din. Det føreset at du har 4G- eller 5G-dekning.

Les meir på nodvarsel.no.

Informasjonspunkt ved langvarig bortfall av straum og internett

Dersom det oppstår ei krise som gjer at vi mistar straum, telefonkontakt, mobiltenester og/eller internett over ein lengre periode, vil kommunen opprette og bemanne informasjonspunkt for innbyggarane. 

Personell på desse stadene får i oppgåve å formidle kontakt mellom nødetatar og befolkninga. Dei skal også formidle kritisk informasjon mellom kommunen og befolkninga.

Det skal ein ekstraordinær situasjon til før informasjonspunkta blir sette i drift.

Informasjonspunkt i Haram kommune

Når kriseleiinga bestemmer det, blir det oppretta informasjonspunkt desse stadene i kommunen:

  • Haram tenestehus - Strandgata 40, 6270 Brattvåg
  • Haramsøy skule - Skulebakken 21, 6290 Haramsøy
  • Eidet skule - Vatnevegen 41, 6265 Vatne

Møtepunktet vil bli bemanna 6–12 timar etter at krisa har oppstått, alt etter kva type hending det er og når på døgnet den oppstår. Informasjonspunkta er merka med skilt ved inngangen.

Kva kan du få hjelp til?

På informasjonspunkta kan du:

  • få oppdatert informasjon om situasjonen lokalt
  • få informasjon om kommunen sine tenester og andre forhold som berører innbyggarane
  • få hjelp til å formidle viktige henvendingar videre til nødetatane

Informasjonspunkta er ikkje ein stad for lengre opphald, men for informasjon, kontakt og kortvarig opphald.

Bilde av informasjonsplakat - Klikk for stort bilete

Informasjonsplakat

Det er ikkje sikkert at du som innbyggar får informasjon om når informasjonspunkta vert opna, fordi straum, internett og mobilnett ikkje virkar. Derfor anbefaler vi at du gjer deg kjend med kvar ditt næraste informasjonspunkt er.

Haram kommune har ein plakat om informasjonspunkt som kan lastast ned og skrivast ut i ønska størrelse. Heng den gjerne opp heime eller på arbeidsplassen!

Her kan du laste ned informasjonsplakat (PDF, 2 MB)

 

Viktig å vite

Informasjonspunkta erstattar ikkje eigenberedskap. 

Alle som kan, bør vere førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. Då kan kommunen og nødetatane prioritere dei som treng hjelpa mest.

Eigenberedskapsråda frå norske myndigheiter viser både korleis vi kan førebu oss på kriser, og kva vi skal gjere ved ei krise.

Informasjonspunkta erstattar heller ikkje dei ordinære tenestene. Er du til dømes sjuk, skal du oppsøke lege/legevakt.

Informasjon frå DSB