Stortinget har vedteke endringar i barnehagelova med tilhøyrande finansieringsforskrift. Ei av dei mest sentrale endringane er at kommunane ikkje lenger skal fastsetje grunntilskot til private barnehagar gjennom årlege enkeltvedtak. I staden skal satsane heretter fastsetjast og kunngjerast i ei lokal forskrift.
Om forslaget som no ligg til høyring
Forskriftsforslaget som no ligg til høyring byggjer på endringar i barnehagelova og ny nasjonal forskrift om finansiering av private barnehagar, fastsett av Kunnskapsdepartementet 23. mars 2026.
Haram kommune har nytta berekningsmodellen og rettleiaren til KS og PBL som grunnlag for berekning av satsar og dokumentasjon.
Ver merksam på at pensjonspåslaget ikkje inngår i satsen for grunntilskot. Ein kan difor ikkje samanlikne tidlegare års satsar for driftstilskot med årets sats for grunntilskot utan å ta omsyn til dette.
Endringa i modellen for berekning av satsar påverkar satsane minimalt dersom ein trekkjer ut det tidlegare pensjonspåslaget.
Endeleg deflator for statsbudsjettet for 2027 ligg ikkje føre når forskrifta blir send på høyring. Berekninga byggjer difor på eit anslag, som blir justert når endeleg deflator ligg føre.
Dokument i saka
Høyringsfrist og tilbakemelding
Frist for skriftlege innspel til forslaget er 2. oktober 2026. Det bør gå tydeleg fram kva delar av forskriftsgrunnlaget høyringsfråsegna gjeld.
Kommunen ønskjer særleg tilbakemelding på om berekningsgrunnlaget og dei manuelle korrigeringane er tydeleg nok skildra til å kunne etterprøvast, og om det finst feil i talgrunnlaget.
I tillegg ber vi høyringsinstansane om å komme med tilbakemelding på § 4 Dokumentasjon på berekning. Haram kommune ønskjer å ha eit klart språk og ber høyringsinstansar om å vurdere følgande tekst som erstatning for § 4 i forslag om forskrift:
Berekning av sats er gjord i samsvar med gjeldande regelverk og grunnlaget er synleggjort på kommunen si nettside. Private barnehagar får tilsendt berekninga.
Send inn merknader til høyringa
Spørsmål, innspel og merknader til saka kan sendast Haram kommune via eDialog, oppgi referansenummer 26/1984.
Send oss dine merknader via eDialog
Ansvarleg for høyringa: Barnehagemynde
Høyringsfrist: 2. oktober 2026