Simen Prestaasen/DSB
Eigenberedskapsveka er eit landsomfattande, årleg arrangement som har som har som mål å gi auka bevisstheit og kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjere både oss sjølve og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som skulle oppstå.
Myndigheitene sitt råd er at alle bør vere førebudd på å klare seg sjølv i éi veke dersom viktige tenester blir utilgjengelege.
Kva skjer dersom mobilnettet eller internett sluttar å verke?
Eigenberedskapsveka 2026 har fokus på korleis samfunnet kan bli betre førebudd på situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.
Dei fleste av oss er avhengige av digitale tenester i kvardagen. Vi brukar mobiltelefonen til kommunikasjon, betaling, informasjon og navigasjon. Dersom elektronisk kommunikasjon blir borte over lengre tid, kan det få konsekvensar både for enkeltpersonar og samfunnet som heilheit.
Derfor oppfordrar Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) alle innbyggarar til å tenke gjennom korleis dei kan halde seg informert og handtere kvardagen dersom digitale tenester blir utilgjengelege.
Informasjon når digitale tenester ikkje fungerer
Dersom mobilnett, internett eller annan elektronisk kommunikasjon fell bort, kan kommunen etablere informasjonspunkt for å gi innbyggarane oppdatert og kvalitetssikra informasjon..
Her kan du lese om informasjonspunkt i Haram
Enkle grep styrker eigenberedskapen
DSB og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har laga sju enkle råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre om det blir problem med mobilnett eller internett.
- Ver ein beredskapsven
- Finn ut korleis kommunen informerer ved bortfall av mobilnett og internett
- Skaff ein DAB-radio
- Lad opp batteribank og utstyr
- Vurder abonnement på ulike mobilnett
- Finn ut korleis du kan kommunisere over wifi
- Sjekk kva kommunar som har forsterka mobilnett
Du kan lese meir om råda på www.dsb.no/ekombortfall.
Dette skjer i Haram
Denne beredskapsmatkassa kan bli di om du kjem innom utstillinga på tenestehuset i løpet av eigenberedskapvekaI Haram kommune markerer vi Eigenberedskapsveka 2026 ved å ha utstilling på tenestehuset i Brattvåg. Utstillinga viser kva dei nasjonale råda anbefaler at du bør ha for å kunne klare deg i ei veke dersom ei krise skulle ramme. Utstillinga har tilgjengeleg brosjyrar på både norsk og engelsk, utarbeidd av Direktoratet for Samfunnssikkerheit og Beredskap (DSB).
I år vil utstillinga også ha ekstra fokus på korleis du som innbyggar kan få informasjon dersom det oppstår ei krise som gjer at vi vi mistar straum, telefonkontakt, mobiltenester og/eller internett over ein lengre periode.
Kom innom oss for ein prat - bli med i konkurransen vår
Utstillinga på tenestehuset vil vere bemanna på desse tidspunkta:
- Tysdag 27. oktober kl 10.30-11.30
- Onsdag 28. oktober kl 10.00-11.30
- Torsdag 29. oktober kl 09.30-11.30
Du er hjarteleg velkomen innom for ein beredskapsprat og gode råd om korleis du kan vere best mogleg førebudd.
Alle som besøker utstillinga vår i løpet av eigenberedskapsveka kan også vere med i ein konkurranse, der premien er ei beredskapsmatkasse.