Verdsdagen for sjølvmordsførebygging 2026

10. september er Verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Årets tema er «Start samtalen – saman».

To menneske sit ved eit bord, dei held kvarandre i hendene - Klikk for stort bilete

For mange kan det vere vanskeleg å seie frå når livet blir tungt. Det kan også vere vanskeleg å vite kva ein skal seie når ein er bekymra for nokon. Likevel kan ein enkel samtale vere viktig.

«Korleis har du det eigentleg?»

Du treng ikkje ha dei rette orda eller vere ekspert. Ver nysgjerrig, lytt og spør dersom du er bekymra.

«Korleis har du det eigentleg?» 

«Eg har lagt merke til at du ikkje verkar heilt som deg sjølv. Er det noko du vil snakke om?»

Det er også lov å spørje direkte om sjølvmordstankar. Å spørje kan opne for ein viktig samtale og gjere det lettare å få hjelp.

Du som innbyggar kan spele ei viktig rolle

Sjølvmordsførebygging handlar om oss alle. Du kan vere ein ven, eit familiemedlem, ein nabo, ein kollega eller ein annan person som møter nokon i kvardagen.

Kanskje merkar du at nokon har trekt seg tilbake, verkar annleis enn før eller ikkje har det så godt. Då kan du ta kontakt og spørje korleis det står til. Du treng ikkje ha løysinga – det viktigaste er å vise at du ser, bryr deg og er der.

Sjå. Spør. Lytt. Ta på alvor.

Vi skal bli tryggare på å hjelpe

I Haram kommune arbeider vi med å gi tilsette kunnskap og tryggleik til å møte menneske som har det vanskeleg. Som ein del av dette arbeidet får tilsette opplæring gjennom kurset «Førstehjelp ved sjølvmordsfare» (VIVAT).

Kurset gir praktisk trening i å:

  • kjenne igjen teikn på sjølvmordsfare
  • våge å spørje om sjølvmordstankar
  • lytte og møte menneske i krise
  • vurdere behov for hjelp
  • vite korleis ein kan bidra til vidare oppfølging

Målet er at fleire skal vere trygge på kva dei kan gjere når dei blir bekymra for eit anna menneske.

Du treng ikkje stå åleine

Er du bekymra for nokon, ta praten. Du kan også hjelpe personen med å ta kontakt med fastlege, legevakt eller andre hjelpetenester:


Ved akutt fare for liv og helse: Ring 113.

Vi har ingen å miste.

Ein samtale kan vere starten på at nokon får hjelp. Start samtalen – saman.